Nærmar seg 10.000 kroner i donasjonar

Publisert 19.06.2017 11:39, oppdatert 19.06.2017 11:39 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

Nærmar seg 10.000 kroner i donasjonar

Sindre Rørstadbotnen manna seg opp og sidan har pengane, til å nå draumen om OL i 2020, runne inn.

Førde: - Det er veldig motiverande å sjå at det er så mange som engasjerer seg, og er positive. Rett og slett ein stor motivasjonsboost, seier vektløftaren, som til dagleg arbeider på Spenst Førde.

Førre onsdag publiserte naustedølingen ein innsamlingsaksjon på nettstaden gofundme.com, som gjer det mogeleg for privatpersonar å sponse andre personar.

Her skriv Rørstadbotnen blant anna:

- Etter 14 år med hard trening er eg klar til å ta eit nytt steg. I 2018 skal eg vinne kongepokalen som beste løftar i Norge. Men eg har eit større mål også; deltaking i OL i Tokyo 2020...

...Om du har lyst til å hjelpe meg med å oppfylle ein draum - min draum - og skape norsk vektløftarjubel under OL 2020 - ber eg deg støtte meg med nokre kroner. Kva einaste av dei vil bli brukt til å kjøpe meg fri frå jobb og auke kvaliteten på treninga fram mot OL.

Til Fordeby.no seier han at det sat langt inne å "krype til korset".

- Eg skreiv ned dette 8. juni, men måtte manne meg opp i ei veke. Det sat langt inne. Men skal eg kunne konkurrere mot dei eg konkurrerer mot, så må eg optimalisere treninga. Og det kostar pengar.

Nærmar seg 10.000 kroner

I skrivande stund har det kome inn 8.295 kroner i donasjonar.

- Det er moro. Det nærmar seg 10.000. Eg ser at det er mange kjente som har støtta meg, men også personar eg aldri hadde forventa slik støtte frå. Noko eg er kjempetakknemmleg for, seier Rørstadbotnen.

- Kor sannsynleg er det at du skal greie å kvalifisere deg til OL i Tokyo?

- Eg er eit stykke unna enda, men om eg aukar med fem, seks kilo året, så trur eg at det skal vere mogeleg. Det er ei kneik eg må komme over, og med økonomisk støtte så kan eg reise på fleire stemne, trene meir og ta dei behandlingane eg treng. Den siste biten ligg i det at eg ikkje kan vere ein utøvar som driv med dette 24 timar i døgnet. Skal eg kunne konkurrere må eg opp eit hakk til. Noko eg håpar skal vere mogleg med litt ekstra støtte.

IMG_7058_imagefull_imagefull

200 kilo i støt: Førre måndag greidde Sindre å støte 200 kilo frå bukk. Noko han har drøymd om lenge. - Det har vore eit av dei store måla mine. Eg bomma først to gongar, men hadde bestemt meg. Endeleg sat den, seier Rørstadbotnen, om løftet som ikkje er kvardags for ein kar på 105 kilo. Foto: Illustrasjon.

Her kan du sjå 200-kilos støtet.

- Eg er optimistisk, seier han, og legg til:

- Du kan ta med at eg søker sponsorar.

Les også