Nettleiga må jamnast ut!

Publisert 07.06.2016 10:18, oppdatert 07.06.2016 10:25 - Jenny Følling - tips@stottmedia.no

Innlegg: - Vi må få noko meir igjen enn rekninga for nettleiga

Nettleiga må jamnast ut!

Dette innlegget er skreve av Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Folk i Sogn og Fjordane sit att med skyhøg nettleige for den norske fornybarsatsinga. Slik kan det ikkje vere. Når Stortinget handsamar Energimeldinga i vår, må dei samle seg om ei rettferdig utjamning av nettleiga fordelt på alle forbrukarane.

Sogn og Fjordane står for ti prosent av den norske kraftproduksjonen og kvart femte planlagde vasskraftprosjekt ligg i vårt fylke. Det er nesten 370 moglege kraftutbyggingsprosjekt om ein tek med landbasert og offshore vindkraft.

Sogn og Fjordane er eit overskotsområde på kraftproduksjon. Vi produserer årleg 15 Twh, tilsvarande straumforbruket til 560.000 husstandar. Likevel betyr store geografiske avstandar og lite folk rekordhøg nettleige i distrikta slik fordelingsmodellen er no.

Nettleiga varierer med svimlande 1.000 kroner per månad mellom ein husstand i byområda som betalar minst og ein i dei distriktsområda som betaler mest. Vi treng difor ei nasjonal og rettferdig utjamning av nettleiga i distribusjonsnettet, slik som ein har hatt i transportnettet, og det trengs politisk vilje til å finne treffsikre verkemiddel.

Auke i nettleiga vil ramme abonnentane og næringslivet i Sogn og Fjordane hardt, dersom det ikkje vert tatt grep no. Noreg har ambisjonar om ein sterk auke i produksjon av fornybar energi. Vi kan bygge ut vår del av dei 28,4 TWh gjennom ordninga med «grøne sertifikat».

Vasskraft har ei lang historie i vårt fylke. Denne energikjelda la grunnlaget for kraftkrevjande industri der spesielt smelteverka har vore og framleis er viktige hjørnesteinsbedrifter i fylket. Vasskrafta har skapt mange arbeidsplassar og er ei kjelde til betydeleg verdiskaping. Kraftnæringa sysselsett om lag 800 tilsette i fylket.

Datalagring er ei ny kraftintensiv næring som nyttar kortreist kraft. Lefdal Gruve og Bluefjords i Luster er flotte døme på det.

Vi har også tunge kraftaktørar som Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi, Sognekraft og ikkje minst har vi regionkontoret til NVE. Kraftproduksjon og fornybar energi er med andre ord særs viktige sektorar for Sogn og Fjordane.

Hovudutfordringa vår er at innbyggjarane og næringslivet i kraftfylka må betale mykje meir i nettleige enn mange av dei som brukar denne straumen andre stader. Svaret frå regjeringspartia på den urettferdig høge nettleiga har så langt vore å slå saman nettselskapa. Dette er nærmare omtalt i Stortingsmelding 25 (2015-2016) «Kraft til endring-energipolitikken mot 2030». Stortinget vedtok å opprette krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom nett og kraftproduksjon. I følgje regjeringa vil dette føre til lægre administrasjonskostnadar og lægre nettleige. Men dette gjev ikkje ei rettferdig utjamning av nettleiga. Her trengs meir treffsikre løysingar.

Sogn og Fjordane er eit viktig fornybarområde i Noreg. Men, store geografiske avstandar og kompleks geografi og topografi medfører ei kostbar utbygging av nett og distribusjon. Med ambisjonane om ein sterk auke i produksjon av fornybar energi nasjonalt, kan ein ikkje føre ein politikk som resulterer i auka nettleige for private og næringsliv i Sogn og Fjordane, eit fylke som verkeleg satsar på utbygging og fornybar energi.

Når det gjeld konkrete løysingar for utjamning av nettleiga, så bør det vere mogeleg å finne ein måte å utjamne nettkostnadar på – berre den politiske viljen er til stades. Utjamningsordninga i lokalnettet var ikkje god nok i gamal drakt, men den er heller ikkje blitt betre etter at midlane over statsbudsjettet vart redusert.

På vegne av innbyggjarane, næringslivet og fornybarsektoren i Sogn og Fjordane ber eg om at regjeringa finn ei utjamningsordning som fordeler nettleiga meir rettvis mellom landsdelane. Ein bør også vurdere kor vidt det er rett at småkraftprodusentane skal betale for nytt nett, eit nett som i framtida skal tene som transportnett frå produksjon til kunde.

Når Sogn og Fjordane bidreg så mykje med utbygging av fornybar energi, viktige nasjonale bidrag også i høve reduksjon av klimautfordringane, så må vi få noko meir igjen enn rekninga for nettleiga. Det kan ikkje vere slik at fornybarområda skal ta ein større del av rekninga for kraft som skal nyttast primært andre stader. Krafta vert bygd ut lokalt og forbrukt nasjonalt og internasjonalt. Eit slikt mønster må syne igjen i nettleiga og lovverket knytt til kraftutbygging, drift av infrastruktur og fordeling av kostnadar. Til slutt må ein også hugse på at dei lokale inngrepa i naturen utgjer ein kostnad for fornybarområda, som også må kompenserast for all den tid den nasjonale målsetjinga er auka kraftproduksjon.

Les også