Nøtteknekkaren

Publisert 28.11.2017 19:29, oppdatert 28.11.2017 19:30 - - tips@stottmedia.no

Nøtteknekkaren

Det er førjulstid, det er glitrande lys, fengande musikk, forventningar og magi. Det er Tsjajkovskijs klassiske og eventyrlige ballett, som trekk tusenvis av barn og vaksne til teater- og operascener over heile verda, og i Førde. 

I år er det 6 år sidan Danseverkstedet og Førde Kulturskule hadde premiere på sin versjon av det magiske juleeventyret, og nye generasjonar har vakse seg inn i rollene som store og små i familien Stahlbaums juleselskap, som Clara og veslebroren, som den mystiske Drosselmeyer, Musekongen, Soldatar og Snøfnugg i skogen, som Nøtteknekkarprinsen, Sukkertøyfeen og levande, dansande dokker.

 

Eventyret om ”Nøtteknekkaren og musekongen” er skriven av den tyske forfattaren Hoffman i 1816. I 1892 vart balletten urframført i St.Petersburg med musikk av Peter Tsjajkovskij. Historia, musikken, scenografien og koreografien har gjort dette til ein av balletthistoria sine største suksessar og verdas mest framførte ballett. På scena i storsalen i Førdehuset ventar 120 barn og unge som dansar, spelar og syng til Tsjaikovskys levande musikk, instrumentert, tilrettelagt og framført av Distrikstmusikarar frå Førde og Gloppen. Originalkoreografien av Marius Petipa er tilrettelagt for våre dansarar av Miriam Hjelmeland Førde og Jorunn Reina.

Det er julekveld og selskap hos den vesle jenta Clara og familien hennar. Den mystiske Herr Drosselmeyer kjem på besøk med gåver og dokker frå alle verdshjørne. Clara får ein vakker Sukkertøyfe og ei litt spesiell Nøtteknekkardokke. Når selskapet er over og klokka slår tolv, vaknar Clara og smyg seg ned i stova for å leike med gåvene sine. Plutseleg blir ho omringa av ein flokk mus som tek Nøtteknekkardukka til fange. Med hjelp frå tinnsoldatar og ved å gje frå seg Sukkertøyfeen reddar ho Nøtteknekkaren frå Musekongen. Nøtteknekkaren blir levande og inviterer Clara med på ei draumereise gjennom magiske skogar med dansande snøkrystallar, og heilt til Sukkertøyland. Der blir dei mottekne av Drosselmeyer og alle dokkene hans.

 

Medverkande på scena: Danseverkstedet v/ Jorunn Reina: Dansarar frå 8 til 19 år
Clara - Celine Myren
Prinsen - Amalie Vejlskov Vie
Sukkertøyfeen - Birthe Brudevoll
Drosselmeyer - Oda Bueie Dalin

Distriktsmusikarar frå Førde og Gloppen:
Helga Lied Wyrtz - fløyte, rørklokke
Arvid Anthun - trompet, klokkespel og triangel Henri G. Eftevand – fiolin
Henrik Silfverhielm – cello
Jon Kristian Bye - piano og tamburin 
Elevar frå Førde Kulturskule på piano, fløyte, fiolin og song

Velkomen til ein juleklassikar for heile familien!

For billettar torsdag 30. nov kl 18:00

For billettar fredag 01. nov kl 18:00

Les også