Norges største sykkelstjerne droppar «Tour des Fjords»

Publisert 12.12.2016 10:24, oppdatert 12.12.2016 10:24 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Norges største sykkelstjerne droppar «Tour des Fjords»

Alexander Kristoff blir ikkje å sjå langs løypa når «Tour des Fjords» kjem til Sogn og Fjordane i mai.

Førde: Sykkelrittet som har lagt ei av neste års etappar til Sogn og Fjordane , og som skal vere med å vise fram fylkets natur med snødekte toppar til resten av verda, rullar forbi utan  den norske Katusha-syklisten.

Det melder Procycling.no.

- Arctic Race og Norway er foreløpig på programmet. Dei to andre (Tour of Norway og Tour des Fjords) krasjar med andre ritt laget skal gjere. Dersom eg berre hadde enda opp med å sykle VM på heimebane neste år, hadde det vore litt synd, seier Kristoff under eit intervju med Eurosport.

Dermed blir han altså ikkje å sjå under heimlege konkurransar på vårparten neste år.

Etappen i Sogn og Fjordane skal starte i Balestrand. Vidare går den via Gaularfjellet, Rørvikfjellet, Moskog, rundt Jølstravatnet og målgang i Førde. 195 kilometer lang.

Foto: Laurie Beylier.

Les også