Ny verdsrekord på Gunnar

Publisert 23.08.2016 13:37, oppdatert 23.08.2016 13:43 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Ny verdsrekord på Gunnar

Naustedølen har gjort det igjen.

Naustdal/England: I løpet av helga som var har Gunnar Garfors (41) prestert å besøke Englands 48 fylker. Ifølgje aftenposten.no gjekk startskotet fredag ettermiddag og enda 24 timar seinare.

- Akkurat enn slik tur kan nok diskuterast om det har noko med ei reise å gjere, det er kanskje meir som ein sport, seier Garfors til Fordeby.no.

- Utan samanlikning så er ikkje Usain Bolt turist under konkurransen, men turen blir kva ein gjer det til både i forkant og etterkant, fortset han og forklarar at dei passar på å kombinere både reise og verdsrekordjag.

Turen vart gjort ved hjelp av bilen Jaguar XE og tok til saman 23 timar og 34 minuttar. Startstad var Cumbria, medan reisa enda i Cornwall.

For å lære

På spørsmål om kvifor det enda med England denne gong svarar Garfors:

- Det er faktisk fleire grunnar til det. England har dei siste 200 åra hamna litt i skyggen av USA. «Alle» veit at det er 50 statar i USA, langt færre veit at det er 48 fylker i England, så her var det litt for eigen del det å lære om og få ein smakebit av dei ulike fylkene. Og så er det jo litt spesielt at de på området som er to og ein halv gongar mindre enn Norge har fleire fylker enn våre 19. Og her snakkar vi om fylkessamanslåing. I England snakkar dei om identitet, der er det ingen som snakkar om fylkessamanslåing, seier 41-åringen til aftenposten.no.

DSC_2715

Øystein Djupevik (t.v) skal ifølgje Gunnar Garfors (t.h) ha drukket nesten 20 boksar energidrikk på vegen gjennom England. I midten av bildet ser du Øystein Garfors. Foto: Privat.

Med seg på turen hadde han broren Øystein Garfors, Øystein Djupevik og NRK-kollega Andreas Munkelien.

- Det var ein fantastisk tur eigentleg den ultimate guttetur med gode venar i ein bil i 24 timar og så greier vi å setje ein verdsrekord i tillegg. 

For eitt år sidan køyrde Gunnar Garfors gjennom 22 amerikanske statar i løpet av eit døgn, som vart verdsrekord. Han har også rekorden i flest land  gjennom Europa, som enda på 19 – også dette verdsrekord.

Les også