Foto:  Frøydis Geithus.

Publisert 19.06.2018 19:56, oppdatert 19.06.2018 19:56 - - tips@stottmedia.no

OLAV STEDJE OG BAND

”Ta meg med”, ”Vi vandrar saman”, ”E-18”, "Ein nordmann sin draum". 
Songane treff deg framleis midt i hjartet når du høyre dei. Og når du nynnar med ser du smilet og
barten til Olav Stedje - verdas mest sjarmerande sogning.

 

Etter 37 år med konsertar over heile Norge, 13 album og fleire Spellemannsprisar, legg Olav Stedje 
og hans band ut på Vestlandsturne. Frå 26. til 30 september 2018 stoppar han denne gong i Førde, Voss, Haugesund, Bergen og Sogndal.

 

Olav Stedje har hatt ein utroleg stayerevne. Og songgleda, kvalitet og ærlegdomen er ikkje blitt mindre med åra. 
Han er audmjuk over eigen suksess og lar seg framleis glede over allsong og tårer når 
konsertpublikum blir reve med.

Med ”Ta meg med” og alle dei andre flotte songane han er kjend for, kjem Olav Stedje 
med sitt 5-manns sterke band, nok ein gong til å glede både gamle og nye fans.

For billettar og info

Les også