Foto: Oslo Ess

Publisert 20.03.2018 16:32, oppdatert 25.03.2018 16:59 - - tips@stottmedia.no

OSLO ESS

OSLO ESS ...konsert på Larris Scene!

I mars 2018 slepp dei sitt femte studioalbum «Frie radikaler». Den første smakebiten frå plata har vi allereie fått i form av singelen «Leter etter deg» – ein rask og leiken greie, som musikalsk er nøyaktig der dei likar å være. Med sine foreløpige fire album har den kreative og produktive gjengen i Oslo Ess hausta lovord, toppa salslister, fått femmarane og seksarane kasa etter seg og blitt nominert til Spellemann.
Bandets harde kjerne; Åsmund Lande, Knut-Oscar Nymo og Peter Larsson med Håvard Takle Ohr bak trommene har dei siste åra sørga for å sette sitt gode namn på hele norgeskartet. I 2012 sette dei uoffisiell norgesrekord med heile 210 konsertar i løpet av eit år. Med si råheit, genuinitet, pågangsmot og speleglede har Oslo Ess bidrege til at punkrocken har nådd ut til eit breiare publikum – dei har gitt av seg sjølv og og byggjer ein stadig voksande og dedikert fanskare.

For bilettar og info

Les også