Oljekrisa uroar studentane

Publisert 06.04.2016 08:46, oppdatert 06.04.2016 08:46 - NTB - tips@stottmedia.no

Oljekrisa uroar studentane

Dei tronge tidene i oljebransjen skremmer studentane. 7 prosent seier dei har vurdert å byte studieløp som følgje av oljekrisa.

Talet kjem fram i ei undersøking gjennomført av Sentio på oppdrag for Norsk Studentorganisasjon (NSO) og Universitas. 7 prosent av studentmassen i Noreg svarar til 20.000 studentar.

I undersøkinga fekk deltakarane også spørsmål om kva dei trudde ville påverke framtida deira mest. 29 prosent svarte krisa i petroleumsnæringa, og dermed er det berre klimaendringar som skremmer norske studentar meir enn fallet i oljeprisane.

Kompetansedirektør Are Turmo i NHO vil ikkje tilrå studentar å byte studium på grunn av uvissa i arbeidsmarknaden.

– Vi må ha fleire tankar i hovudet samtidig. Noreg trenger denne typen kompetanse samtidig som vi satsar ytterlegare på å auke kompetansen mot grøne næringar, seier Turmo til Universitas.

(©NPK)

Les også