«Open gard»-suksess

Publisert 23.05.2016 11:38, oppdatert 23.05.2016 11:38 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

«Open gard»-suksess

Rundt 150 personar besøkte Angedal Gard under arrangementet i helga.

Førde: - Her kan du gå inn til dyra og mate dei eller halde rundt dei. Eg trur det er det som er hovudgrunnen til at folk ønskjer å besøke garden. Nettopp nærleiken ein opplever med dyra, seier Martha Bjørvik Angedal.

På gardstunet søker sauer og høner merksemd frå dei besøkande som hadde bestemt seg for å ta turen til Angedal Gard på ein elles grå og regntung søndag føremiddag.

IMG_8227-2

Nærkontakt med dyra: Elias tar grep. Foto: Børje Fonn Skaar.

Minihestar, esel, griser og kyr er berre nokre av dyra både små og store kunne helse på under «Open gard»-arrangementet i helga.

- Vi var litt heldigare med vêret på laurdag så då var det 80 personar som var på besøk. I dag trur eg det vert litt mindre, seier Angedal. Saman med ungdommen som bur på garden, som til dagleg er eit bu- og avlastningstilbod for born og unge med ulike utfordringar, skal ho arrangere «Open gard» ein gang i månaden utover sommaren og hausten.

- Det var mange som etterspurde ein slik aktivitet her, så då høyrde eg med ungdommane som bur her om det var noko dei ville vere med på. Og det var dei veldig positive til.

- Sunt for borna

I løpet av helga var det 150 personar innom garden. Ein av desse var familiemannen Johan Petterson, som til dagleg er sportsleg leiar i Førde IL Fotball.

IMG_8308

Johan Pettsersen, som hadde med seg familien på søndag, meiner det er sundt for borna å kunne møte mange forskjellige dyr. Foto: Børje Fonn Skaar.

- Det er min gamle arbeidsplass, så vi prøver å ta turen ut hit så ofte som mogleg. Det er ein bra stad for borna. Ikkje berre det at dei opplever nærkontakt med dyr, men nærkontakt med mange forskjellige dyr. Det trur eg er veldig sunt for dei, seier Pettersen, og legg til at responsen er positiv.

- Eg trur dei har stor glede av det rett og slett, og så vil dei alltid tilbake.

Læra om mjølka og egget

Martha seier at dei i framtida vil forsøke å byggje om litt på garden slik at dei ikkje treng vere avhengig av bra vêr for at det skal bli eit vellukka opphald.

IMG_8369

- Folk kvir seg nok litt meir når det regnar.

- Kva trur du etterspurnaden etter eit slik tilbod kjem av?

- Eg trur foreldra vil at borna skal lære litt om kvar mjølka og egget kjem frå, i samband med utviklinga med at det er færre som driv med gardsbruk. Eg veit ikkje om dei som kjem her er ekstra glade i dyr, men det verkar som at dei fleste barna blir veldig fasinert av dyra.

Og om vegen vidare:

-  Vi prøver å skape eit tilbod som vi ikkje har i Førde, så får vi sjå om det er noko folk ønskjer seg. Akkurat no er vi i startgropa, seier Angedal, til Fordeby.no.

IMG_8374
IMG_8404

Maskotten Melki: Melki delte ut slikkepinnar og klem til dei som turde det. Foto: Børje Fonn Skaar.

IMG_8347
IMG_8315
IMG_8335
IMG_8235

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7