Oslo Børs stuper etter sigeren til Trump

Publisert 09.11.2016 09:28, oppdatert 09.11.2016 09:28 - NTB - tips@stottmedia.no

Oslo Børs stuper etter sigeren til Trump

Hovudindeksen på Oslo Børs fall umiddelbart med nesten 3 prosent då handelen starta onsdag morgon.

Oslo: Det kraftige børsfallet blir tilskrive Donald Trump i USA, og den uvissa det kommande presidentskiftet vil skape. Nokre minutt etter handelsstart var hovudindeksen ned rundt 2,7 prosent.

Oslo Børs følgjer dermed andre finansmarknader internasjonalt. I USA sel investorane unna i frykt for ei ustabil framtid, og terminkontraktane var ned 3,5 prosent til 17.647 på Dow Jones-indeksen. Tokyobørsen fall 5,2 prosent då det blei stadig klarare at Donald Trump ville ta over Det kvite hus. Også Hang Seng-indeksen i Hongkong fall kraftig, med 2,8 prosent, medan nedgangen på Shanghai-børsen var på 1,2 prosent, på Seoul-børsen 3 prosent, i Taiwan 2 prosent og det same i Australia. Prisen på eit fat nordsjøolje er ned rundt 1 prosent, og låg i 9-tida på 45,5 dollar. Amerikansk lettolje var tilsvarande ned, og gjekk for drygt 44,5 dollar fatet.  (©NPK)Foto: Gage Skidmore, wikimedia.

Les også