Foto: Fordehuset.no

Publisert 05.10.2018 15:55, oppdatert 05.10.2018 15:55 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

PÅ HAVETS BUNN

Riksteatret vil invitere til babyteater midt på dagen.

"På havets bunn" er ei lita perle av ei teaterframsyning for dei  aller, aller minste – 
der barna blir med på ei magisk oppdagingsferd under vatn med musikk, bevegelse og 
dei vakraste figurar frå havets botn.

Glinsande fiskestimar stryk forbi, medan maneten duvar sakte i strømmen. Ein sjenert eremittkreps vågar seg fram frå sin skjulestad, og kamskjellet voktar sin løyndom. Og kven veit, kanskje fins det fleire skattar på havets botn?

Velkommen skal dykk vere, alle småfolk!

Framsyninga spelast på dagtid og er spesiallaga for dei aller minste barna frå 0 til 5 år.

 

Produsert av Det Stille Teatret. Støtta av Norsk Kulturråd, Fond For Utøvende Kunstnere og Vestfold Fylkeskommune. under vatn med musikk, bevegelse og dei vakraste figurar frå havets botn.

Les også