Foto: Riksteatret

Publisert 03.04.2018 22:22, oppdatert 03.04.2018 22:22 - Fordehuset.no - tips@stottmedia.no

PRISEN - RIKSTEATRET

Får vi det livet vi fortener?

Arthur Miller er ein av USA sin mest innflytelsesrike og populære dramatikarar.

Miller står dessutan tydeleg i tradisjonen etter Ibsen, og har difor ein særleg appell til oss

her i landet. I Riksteatret si oppsetting møter du Kim Haugen, Helge Jordal, Iren Reppen og

Per Frisch. Prisen blei nyleg satt opp på Broadway med Danny DeVito i ein av rollene og Obama på

besøk!

To voksne brør møtast for å fordele det som står igjen på loftet etter deira avdøde far.

Dei har ikkje sett kvarandre på mange år - den eine valgte plikta, den andre karriera.

Yngstebroren har med kona, som håpar denne arven kanskje betyr begynnelsen på noko nytt.

Og så har dei fått tak i ein gammal brukthandlar for å få arvegodset verdsatt. Men denne

brukthandlaren har levd eit langt og omskifteleg liv. Han veit at det sjeldan er samsvar mellom

prisen du betalar og verdien av det du får.

Prisen er eit intenst kammerspel for fire menneske som kver på sitt vis har prøvd å være tru både

mot eigne moglegheiter og mot omgjevnadane sine krav. Men: har dei betalt ein for høg pris for

livsvalga dei har truffe? Det er spanande, det er opprivande – og det er underhaldande!

Med denne oppsetnina skal Riksteatret by på teater med ein vittig, engasjerande og utfordrande

tekst, levandegjort av fire skodespelarar med store personlegdommar, signert regissør Kjetil

Bang-Hansen. Det er når prosjekt som dette kjem på besøk til heile landet, at Riksteatret

både blir unikt og nødvendig.

For billettar og info

Les også