På tide å tenke vinterdekk

Publisert 03.10.2016 08:42, oppdatert 03.10.2016 08:46 - Rein Design. - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

På tide å tenke vinterdekk

Hausten er fersk, men på Førde Vulk rår vinteren. Dei piggar dekk for harde livet for å vere klar til sesongen, som startar like brått kvar haust. Det kan vere greitt å hugse på dei neste vekene. Om ein køyrer piggfritt kan ein byrje å legge om no.

Innhaldsmarknadsføring: Ute har oktober slått på kulda og på Førde Vulk tenker dei allereie vinter.

– Vi får vintervarer alt i juli, så då er vinteren i gang, smiler Ståle Kjell Kvammen, salsleiar på Førde Vulk AS.

– I dag driv vi og piggar dekk. Vi har 150 piggdekk til Firda Billag sine nye bussar.

Legg om til piggfritt frå 1. oktober

Det er rart med det. Vi veit alle når vinterdekka MÅ vere på bilen, men vi utset det likevel.

– Skrekkscenarioet er tidleg snø. Det gjer det vanskeleg for både oss og kundane. Når 1100 dekkhotell-kundar og ”alle” andre skal byte dekk same dag blir det litt kaos. Då lyt ein trå til og jobbe døgnet rundt til problemet er løyst. Og den travlaste tida ventar no, seier Ståle.

Førde Vulk har 18 tilsette og omset for nær 68 millionar kroner. 30-40 prosent av omsetnaden kjem i perioden oktober til desember. For å ta unna toppen, må dei ta inn seks til åtte ekstrahjelper. Å ”trylle” tusenvis av dekk på same dag er uråd, så Førde Vulk prøvar sikre jamn flyt.

fvulk9

Halgeir Grov og Ståle Kjell Kvammen bur seg på ein hektisk periode mellom oktober og desember. Foto: Rein Design.

– For tida går vi over alle dekk vi har på hotell. Der vi ser behov for nye dekk, kontaktar vi kunden og monterer nye dekk på felg. Då er det berre å skru av og på når dei kjem for å legge om. Kundar som køyrer piggfritt får SMS om at det det er lurt å legge om frå 1. oktober. Det gir betre arbeidsflyt, og mindre ”kaos” når snøen kjem, seier seljar Hallgeir Grov.

– 1. november er regelen i høve piggdekk, og mange ventar til siste stund. Vi prøvar dra sesongen litt andre vegen, i tilfelle tidleg snø. Om dei som køyrer piggfritt kjem tidlig, slepp dei ”kaoset” når snøen kjem, smiler Ståle.

– Eg har køyrt piggfritt i 25 år, og fleire og fleire av kundane følgjer etter. 43 prosent av kundane våre vel piggfritt.  

 – Vi har ”kort hukommelse”. Etter ein isete vinter kjøper vi piggdekk igjen sesongen etter. Og er det ein vinter med lite snø og is, kjøper vi piggfritt, seier Hallgeir.

Det er det blitt stadig meir å gjere for verksemda. 

– For 10 år sidan skrudde vi av og på 7000 person- og varebildekk per år. No er talet 21.000!

 Dekkhotell – eit stykke kvardagsluksus

Tidlegare, då folk flest budde i hus med garasje, var det råd å ha dekk heime. Når stadig fleire no bur i leilegheiter, er det blitt ei utfordring, noko dekkhotellet til Førde Vulk vitnar om. Der ligg rad på rad med vinterdekk tørt og godt, medan dei drøymer om is og snø.

Fvulkfyllbilete

Per dags dato har bedrifta med 18 tilsette over 1100 dekk liggande på dekkhotellet deira. Foto: Rein Design.

– For åtte år sidan tok vi eit strategisk val og satsa på dekkhotell. Då var dette i startfasen lokalt. No har vi 1100 sett dekk her. Det har vore ei utruleg utvikling. Årsaka til at stadig fleire vel dekkhotell og dekkskift her er mange. Mange ønskjer ikkje å skifte dekk sjølv, eller har lyst å leite fram dekka frå inst i garasjen. Ein del har store og tunge bilar som krev grovare jekk. Mange bur i små bueiningar med carport, utan høve til å oppbevare dekka slik dei bør. Som meg sjølv, seier Ståle. 

– Dekk er viktig tryggleiksutstyr på bilen. Og det er ”ferskvare” som må behandlast riktig. Det er folk bevisst i dag, men det kjem enno kundar med dekk som har lagt ute, med rustne felgar og morken gummi. Heldigvis skjer det ikkje så ofte lenger.

Dei færraste finn glede i å skifte dekk. Flekkar på klede, mutrar som sit bom fast, sår rygg og vonde kne er noko av det som ventar. Om du hugsar kvar jekken og hjulkrysset ligg, sidan den ikkje låg der du trudde. Hallgeir smiler.

– Nokre vil byte dekk sjølv. Andre ikkje. Om du lar oss ta hand om dekka, slepp du tenke meir på oppbevaring og skift. Vi tek oss av alt, så kan du gjere langt kjekkare ting. Vi vaskar dekka før vi set dei på hotellet. Då får du av salt og skit, og dekka blir lagra tørt og kaldt. Då har du gode, trygge dekk lenger. Vi går over dekka før dei skal på igjen, og varslar når det er behov for nye. Og sjekkar lufttrykk når vi set dei på igjen, slår han fast og seier du kan bestille time til dekkskift på heimesida til Førde Vulk.

Bestill time hos Førde Vulk her.

Ein kjappis  

Det er rart med det. I ei bedrift som er 67 år, ligg det ei og anna god historie på lur.

– Som den om då vi fekk hurtigdekkskiftediplom frå Helse Førde, ler Ståle og viser diplomet.

– Det var 5. november 2001, då den første snøen kom. Det fylte seg opp med bilar hos oss, og det stod kø utanfor. Så køyrde ein buss av vegen i Våtedalen. Helse Førde sende ut ”alle” ambulansane. Problemet var at ingen av dei hadde piggdekk på. Det kom sju ambulansar hit, med sirener på, smiler Ståle.

IMG_7954

– Vi hadde fullt av bilar overalt, som vi lempa ut for å kunne ta inn ambulansane raskast råd. Det sto folk og skifta dekk på dei i person- og lastebilhallen, samt på lageret. Men det gjekk unna. Sjåførane sa det var reine Formel 1-skiftinga på oss den dagen. Og så køyrde dei av garde, alle sju, med sirene på, og fekk henta folk i Våtedalen.  

Førde Vulk As vart etablert i 1949 av Berge Selvik, og dei leverer dekk til person-, vare- og lastebil, buss, motorsykkel, landbruks- og industrimaskiner. Den tradisjonsrike bedrifta byrja i kjellaren på ungdomshuset Viking. Det vart for lite, og i 1965 flytta dei til Essobygget. I 1983 bygde dei lokala dei held til i enno på Halbrendsøyra. Då vart det sagt at dei bygde for all framtid. Sidan er det blitt fleire utbyggingar. Og med 8-10.000 dekk på lager til ei kvar tid rår dei med det meste, men dei kunne trengt meir plass. 

fvulk8

Det er på tide å tenke dekkskifte. Har du bestilt time hos Førde Vulk? Foto: Rein Design.

Les også