Pasient døydde etter fallulykke

Publisert 31.01.2018 10:50, oppdatert 31.01.2018 10:50 - Førdeby - tips@stottmedia.no

Pasient døydde etter fallulykke

Fall ned trapp med rullestol.

Førde: Det melder NRK Sogn og Fjordane onsdag.

Pasienten ved Førde sentralsjukehus skulle truleg ut for å røyke då han trilla utfor ei trapp, og døydde seinare av skadane.

NRK skriv at både politiet og Fylkeslegen i Sogn og Fjordane er kopla inn i saka etter ulukka førre veke.

Politi, fylkesmannen og Statens helsetilsyn er varsla om hendinga.

- Det er svært beklageleg. Slikt skal ikkje skje. Ein pasient skal vere trygg når han er innlagt eller til behandling på eit sjukehus, seier fungerande fagdirektør, Kristine Brix Longfellow, og legg til at det er ei hending som prega alle involverte.

Les heile saka her.

Les også