Plastikkhavet

Publisert 09.05.2017 10:30, oppdatert 09.05.2017 12:29 - Av Jon Anders Stavang, styremedlem i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane - tips@stottmedia.no

Plastikkhavet

Lesarinnlegg: Plasten kveler livet i havet. Miljøgiftene hopar seg opp i borna våre. Kor ille skal det verte før vi gjer noko?

For 25 år sidan var vi i båt ute i Hellefjorden vest av Florø. Sola steikte, ikkje eit vinddrag krusa den blanke havflata nokon stad, og vi fiska. Etter som fisken kom om bord vart innvolane kasta ut, og måsane samla seg. Og ei havsule. Det var uventa, men vi såg snart kvifor. Den hadde ein netting kring nebbet, den typen som du finn i alle daglegvarebutikkar og som inneheld to laukar. Kor lenge den hadde vore på er ikkje godt å seie, men havsula var svolten, og kasta seg inn mellom måsane på jakt etter innvolar. Men maten sokk under den sidan den ikkje kunne opne nebbet. Havsula klarte vi ikkje å fange, og den dauda nok kort tid etter.

I dag er plastureining brått blitt eit politisk tema også i Noreg, etter at ein kval full av plastposar svalt i hel vest for Bergen. Naturvernforbundet, Svanøy Folkeakademi og Florø Filmklubb arrangerte ein temakveld om plastureining førre veka, med visning av filmen «Plastikkhavet», og to foredrag om plastureining. Politikarane var inviterte med til debatt i etterkant. Berre MDG, Arbeidarpartiet, SV og Samlingslista stilte. Tema var mellom anna gummigranulat i kunstgrasbanene, oljeutvinning og oppdrett. Paneldebatten viste at kunnskapen er ujamt fordelt, og særleg når ting skal sjåast i samanheng og perspektivet blir utvida. Ein rask kikk på valprogramma og kandidatane til dei største partia i kommunen viser at natur, miljø og klima ikkje er prioritert, og at dette nok ikkje er tema som tek tid på møta til desse partia.

Plastureininga har vore varsla ei god stund. For havet og Noreg som havnasjon er den kritisk. Folk ryddar strender med stort engasjement, og medietrykket på plastforsøplinga gjer at strandrydding og tiltak som reduserer spreiing av plast no vil verte prioritert av politikarane. Den synlege plasten er ille nok, den som ureinar og drep millionar av større og mindre dyr. Men den usynlege plasten er antakeleg verre. Plast kan nemleg ikkje bli brote ned til CO2 og vatn, slik organiske stoff blir. I staden vert den delt opp i stadig mindre partiklar og molekyl som ikkje let seg samle opp. Desse partiklane er no på veg inn i næringskjedene våre. Et du skjel har du ete plast. Krydrar du maten med havsalt har du nok også krydra den med havplast. Effektane på folkehelsa veit vi ikkje enno, men plast inneheld og trekk til seg miljøgifter, og det er eit problem i seg sjølv.

I vår materielle verd med enormt overforbruk får vi miljøgifter inn i kroppen frå mange kjelder, ikkje minst frå ulike plastprodukt. I kroppane til vaksne nordmenn finn ein i dag 200-400 ulike miljøgifter. Det er heilt i verdstoppen. For 60 år sidan var talet under 10. Nyfødde ungar startar liva sine med like høge giftmengder i kroppane sine som dagens vaksne. Og giftnivåa i deira kroppar og deira ungar vil auke vidare skal dei leve som vi. Det heile kan kallast eit stort ufrivillig eksperiment, og resultatet kan ikkje bli bra. Svært få tenkjer over dette.

I sportsbutikkane er mesteparten av kleda laga av plastikk, og kvar gong du vaskar desse kleda spreier du mikroplast. Men den største kjelda til mikroplast i Noreg er bilkøyring. Mikroplasten frå bildekk breier seg vidare ut i vassdraga våre og ut i havet. Regjeringa vil bruke tusen milliardar kroner dei neste ti åra for at vi skal få fleire vegar så vi kan køyre og ureine enno meir. I kvar einaste kommune i heile Noreg vil lokalpolitikarar ha tettare vegnett og større pendlingsregionar. I Flora har vi kysten og kan potensielt reise med båtar utan å spreie mikroplast, dersom ein prioriterer dette i staden.

Miljøorganisasjonane har omsyn til naturen og menneska som si viktigaste prioritering og aksepterer ikkje forbruks- og økonomisk vekst som unødig øydelegg natur og livsvilkår for dyr, planter og menneske. Dei tenkjer langsiktig, er partinøytrale og har medlemmer med stort engasjement og mykje fagkunnskap. Plastproblema, klimakrisa, overforbruk, rasering av natur, og utrydding av dyre- og planteliv er tett kopla med måten vi lev våre liv på, og desse organisasjonane jobbar på ulike måtar med å endre vår framferd for å ta vare på den einaste kloden vi har. Mi oppmoding til lokalpolitikarane er difor at de bør invitere dei med når de jobbar med politikkutforming. Ver nysgjerrige, ver ikkje redde for å lære noko, og utform ny politikk som gjer at ungane våre kan ha gode liv etter oss.

Epilog: I vinter har eg funne tre daude fisk i fjæra, mellom anna ein breiflabb. Det var berre breiflabben som hadde synlege plastbitar i magesekken. Det undra meg ikkje å finne plast i innvolane til fisken. Men at fiskane kunne flyte i land og verte liggande i dagevis utan at det kom fugl som åt dei, det uroar meg. Det kan nok ha samanheng med at nær alle sjøfuglbestandane våre er i sterk tilbakegong.

dsa

15 % av plasten i havet når strendene til slutt, og folk i Flora har fylt mange slike containerar i vår med plast samla på strendene. Når den vert brent blir den giftige oska handsama som spesialavfall. Foto: J. A. Stavang.  

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7