Pokèmon-feberen held fram

Publisert 02.02.2017 19:50, oppdatert 03.02.2017 13:02 - Børje Skaar - tips@stottmedia.no

Pokèmon-feberen held fram

Fredag er det slepp av dei nye Pokèmon-korta «Sun and Moon». – Det er skikkeleg rift om korta, seier dagleg leiar av Yes vi leker Førde.

Førde: I 20-år har det det populære varemerket Pokèmon underhelde fans over heile verda, og blitt eit av dei aller mest framgangsrike varemerka i verda.

Fredag blir det lansert nye samlekort i Norges leikebutikkar, og skal ein tru Oddrun Steen på Yes vi leker på Elvetorget i Førde, er det første mann til mølla.

- Spelekorta er veldig populære blant dei unge, så det pleier eigentleg vere førstemann til mølla. Spesielt etter at Pokemon Go tok av.

- Annankvar kunde som var innom i desember spurde etter Pokèmon, seier Steen, til Fordeby.no.

Kortpakkane til spelet blir lansert i fire seriar kvart år, og i morgon er det årets første pakka som kjem i hyllene.

Steen har allereie plassert dei ut i butikken.

- Her står det klart til vi opnar dørene klokka 10.00 i morgon, avsluttar ho med eit smil.

Les også