Foto: Google

Publisert 09.05.2017 19:37, oppdatert 09.05.2017 19:37 - NTB - tips@stottmedia.no

Regjeringa vil løyva 26 millionar mot skrantesjuka på Nordfjella

Regjeringa føreslår å bruka over 26 millionar kroner i ekstraordinære midlar til å kjempa mot utbrotet av skrantesjuke på Nordfjella.

Pengane kjem i tillegg til dei ordinære budsjetta, i tillegg til dei 3 millionar kronene som er føreslegne i jordbruksavtalen. Samla er vi dermed oppe i nesten 30 millionar kroner i ekstraordinære midlar til situasjonen på Nordfjella, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til NTB.

Regjeringa føreslår å løyva over 26 millionar kroner ekstra over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, i tillegg til Klima- og miljødepartementet i forslaget til revidert nasjonalbudsjett som blir lagt fram torsdag.

Dei 3 millionane i jordbruksavtalen skal dekkja kostnader som følgje av restriksjonar på områdebruken for anna beitenæring.

– Kostbar affære

Heile villreinstamma på rundt 2.200 dyr – det vil seia 10 prosent av den norske villreinstamma – skal slaktast for å stoppa spreiinga av skrantesjuke, og heile området blir lagt aude i mange år.

– Det er ein dyr affære, når ein må gjera så drastiske vedtak som å ta ut heile villreinstamma, seier Dale.

Den svært omfattande operasjonen vil medføra store ekstrakostnader, poengterer Dale. Mattilsynet skal greia ut dei konkrete tiltaka, og planen for det vidare arbeidet skal vera klar 15. juni. Han skal forklara den praktiske gjennomføringa, framdriftsplanen og relevante smitteførebyggjande tiltak.

Stamma borte neste år

Målet er at heile villreinstamma skal vera borte innan 1. mai neste år. Dale set som føresetnad at saneringsperioden skal bli så kort som mogleg, og han presiserer at omsyn til dyrevelferd skal takast vare på.

– Det er dette vi meiner er nødvendig for å handtera situasjonen på Nordfjella i inneverande år, men i komande år vil det sjølvsagt vera behov for kartlegging og overvaking av situasjonen andre stader i landet også, seier Dale.

Det er truleg svært få dyr som er sjuke, dei aller færraste, ifølgje Dale. Fagetatane har tidlegare rekna ut at det kan dreia seg om ein stad mellom fem og 40 dyr.

Les også