Rindarøy signerte for Sogndal

Publisert 01.02.2018 09:12, oppdatert 01.02.2018 09:12 - Pressemelding, Sogndal Fotball - tips@stottmedia.no

Rindarøy signerte for Sogndal

Ole Martin Rindarøy blir Sogndalspelar dei neste tre åra.

Sogndal: Ole Martin Rindarøy (f. 16/5-1995) og Sogndal Fotball er samde om ein kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2020.

Rindarøy er allereie godt kjend i klubben og miljøet, då han var på lån frå Molde seks månadar i fjor haust.

I låneperioden hjå Sogndal spelte Ole Martin seks ordinære Eliteseriekampar og to kvalifiseringskampar. Han hadde kampens einaste scoring mot Ranheim i kvalifiseringa før sesongslutt.

- Det var ein flott haustsesong for Ole Martin i fjor, me er difor glad for at han kjem til Sogndal på permanent overgang frå Molde, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Ole Martin fann seg godt til rette i bygda og i klubben. Det er viktig for oss han, som moderne backtype med offensiv legning og hurtigheit, ville halde fram karriera hjå oss, held Flo fram.

- Det skal bli interessant å fylgje utviklinga hans vidare, der me håpar han fortset der han slapp i 2017, avsluttar Flo.

Ole Martin var i moderklubben Gossen IL i Aukra kommune, før han vart Moldespelar i 2011. Han har gått gradene i Molde FK, og fekk sin debut i Tippeligaen for A-laget 9.juni 2014, då Molde slo Brann 4-2. Han mangla ein kamp frå å bli seriemeister dette året, men han vart cupmeister.

Rindarøy var på utlån til Start i 2015-sesongen, der han spelte 20 kampar for sørlandsklubben. I 2016 var han på utlån til Lillestrøm, der han spelte 21 kampar for kanarifuglane. Etter eit halvt år tilbake i Molde gjekk han på utlån til Sogndal. På dette halvåret spelte Ole Martin ni kampar for Molde, både i NM og Eliteserien.

Les også