Foto: Illustrasjon, Børje Fonn Skaar.

Publisert 03.02.2016 10:38, oppdatert 03.02.2016 22:45 - NTB - tips@stottmedia.no

3.000 Nav-tilsette utsette for truslar eller vald

I Navs eige system vart det i 2015 registrert 2.444 episodar med vald eller truslar om dette mot tilsette. Det er ein auke på 223 hendingar frå året før.

Talet på hendingar har auka i alle kategoriar, som verbal utskjelling, sjikane/trakassering og trussel/truande åtferd. Unntaket er fysiske angrep, der det både i 2014 og 2015 vart registrert 48 episodar, melder P4.

3.000 er skremmande mange, meiner Fellesorganisasjonen (FO) som organiserer mange av dei tilsette.

– Det er altfor mange, seier forbundsleiar Mimmi Kvisvik til P4, som meiner underbemanning er ei av forklaringane på dei høge tala.

– Mykje av frustrasjonen kjem av at ein ikkje får tak i saksbehandlaren sin, ikkje får svar på det ein har spurt om eller ikkje får svar på søknadane sine. Eg meiner Navs førstelinjeteneste burde vore betre bemanna og vore tettare på den enkelte, seier Kvisvik.

Nav-leiinga meiner auken i all hovudsak kjem av lågare terskel for å registrere hendingane, snarare enn at det er ein reell auke. Dei peikar også på at den prosentvise delen i etaten som opplever truslar og vald, går nedover. 

(NPK)

Les også