Rune har full tenning på grilling

Publisert 08.05.2017 17:59, oppdatert 11.05.2017 09:59 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Rune har full tenning på grilling

Når du kjem inn på Extra Bygg Førde skjønner du at butikksjef Rune Øksenberg har tenning på grill. 100 m2 med kvalitetsgrillar og grilltilbehøyr, er ikkje kvardagskost. 

Førde: – Eg har bursdag snart, og då ønskjer eg meg tilbehøyr til grilling. Får eg noko anna blir eg grinete, ler han, før han fortel at grillinteressa i Norge har eksplodert.

– Vi hadde sal på overvintra grillar førre veke – og alt forsvann ut på eit blunk. Starten på årets grillsesong er den beste vi har hatt – det er mykje folk innom. Vi skal snart ha eit utruleg bra kundetilbod på grillar, så godt at eg bør ikkje sende det ut, ler han. – Men eg vil jo at alle skal få høve til å skaffe seg ein god grill.  

Extra Bygg Førde – grillsjefen

Ei runde i grillavdelinga til Rune viser at det burde gå fint.

– Alle kan finne ein grill som høver deira behov, interessenivå og lommebok her, anten ein vil ha kol eller gass. Vi har grillar frå 2000 - og opp til 30.000 kroner. Extra Bygg Førde har, som einaste i fylket,  heile sortimentet til Weber – kongen av grillar. Vi har det beste grillutvalet, difor kjem det folk frå både Sogn og Nordfjord hit på jakt etter kvalitetsgrillar. Vi fører også grillar frå Sunwind, Espegard og Jamie Oliver.

IMG_6230

Rune Øksenberg skryt av Weber. Foto: Førdeby.

Rune fortel at grilling som fenomen er i ferd med å ta av i Norge.

– USA er grillsjefen. Dei er utruleg flinke til å grille, og til å utnytte moglegheitene grillen gjev. Norge ligg langt bak dei – men vi er på gang no, seier Rune.

– Weber har vore utruleg flinke til å reise rundt og demonstrere kor god mat ein enkelt kan lage på grill. Og alle dei flotte hjelpemidlar som både gjer maten betre og matlaginga enklare.

Det er ikkje rart at kundane kjem. Grillavdelinga hans er rå!

– Ingen andre på våre kantar har like mykje grilltilbehøyr som oss!

Rune viser fram hylle på hylle med remediar som hever matopplevinga: Vaffeljern til grill, kyllinghaldar som let deg dampe kyllingen inni, medan du grillar utsida, rister som let deg grille fisk utan å brenne fast, Wok-panner til grill, røykeplankar, maishaldarar, for dei som ikkje vil ha smør og salt på fingrane medan dei et og hundrevis av andre løysingar på ulike grill-utfordringar som let deg lage, og nyte god mat, på enklare vis.

Rune brenn for grilling

Grillentusiasmen til Rune stikk langt djupare enn å berre selje grillar.

– Weber og Jamie Oliver opna auga mine for grilling som matlagingsmetode. Du treng ikkje vere kokk for å lage god mat på ein grill. Det er mange gode kjelder til informasjon: Sosiale medium, ulike grillkurs og kundeklubbar er nokre døme. Etter at eg tok nokre grillkurs steig interessa veldig, fordi ein byrjar å sjå moglegheiter. No byrjar grillsesongen min tidlig og sluttar seint, ler han.

– Eg er glad i å lage mat, og å sjå gleda i folk når dei får eit godt måltid. Grilling gjer det enkel å lage mat av høg kvalitet. Mat er det viktigaste vi gjer:  Alle må ete, og alle ønskjer god mat. Ein god grill gjev deg verktøya for å skape god mat. Og så er grilling sosialt! Du er ute, nyt sola, og har familie og vener samla rundt deg og du kan slå av ein prat med naboen. Grilling er den kjappe, enkle, smarte og sosiale måten å lage mat på. Før var det ofte slik at far grilla ute, medan mor laga saus og poteter inne. Men det treng ein ikkje lenger. Ein moderne grill kan ein både koke saus og poteter på. Så det er berre å komme seg i gang.

IMG_6234

Noko av det store grillutvalet som er i hyllene på Extra Bygg Førde. Foto: Førdeby 

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7