Satsar stort: - Her skal alt gå på skinner

Publisert 05.09.2017 18:08, oppdatert 05.09.2017 18:08 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Satsar stort: - Her skal alt gå på skinner

Nesten to år har Farsund Bygg brukt på å utvide trelastutsalet med drive-in løysning og kring 1.000 kvadratmeter lagringsplass. Torsdag skal dei vise resultatet.

Førde (innhaldsmarknadsføring): - Det er ein butikk vi opnar, ikkje eit lager eller trelastutsal som det var tidlegare, seier Kjell Engesæter, som er avdelingsleiar for proffmarknaden på Farsund Bygg i Førde.

- No kan du køyre inn på lageret vårt med bil og hengar og etter to hundre meter har du alt du treng og er klar til å scanne varene. Så kan du køyre vidare på arbeid eller kva det måtte vere, fortset han.

Slår du av ein prat med Engesæter og dagleg leiar, Randi Engen, er det tydeleg at arbeidet med å utbetre området på Sanderplassen har vore krevjande. Men også at dei er ivrige på å vise kunden den nye løysinga.

Enkelt for kunden

- Tilbakemeldingane vi får er at kunden gledar seg. I hovudsak er utvidinga retta mot proffkunden der intensjonen er at dei skal spare tid og kostnadar. Dei har fokus på at det skal vere enklast mogeleg å hente det materialet dei er ute etter, og at alt skal gå effektivt. Noko som har vore veldig viktig for oss å få til, seier Engen.

IMG_3046

Randi Engen og Kjell Engesæter gledar seg til å vise fram resultatet av utvidinga på torsdag, og håpar at så mange som mogeleg vil ta turen. Foto: Førdeby.

Engesæter legg til:

- Det er verken større volum eller utvida vareutval, men no har vi alt under same tak, samtidig har vi meir orden slik at alt som høyrer saman ligg på same område. Og så må ein ikkje gløyme at vi har tofelts veg gjennom heile lageret, og den held betre standard enn E39.

IMG_3138

Engesæter spøkar med at vegen inne på lageret har betre standard enn E39, men det er tydeleg at investeringa vil sørge for at kunden kan gjere handelen unna på kort tid - utan omøyringar. Foto: Førdeby.

Klipper snora

Torsdag klokka 16.00 skal Førde sin ordførar Olve Grotle klippe snora til korpsmusikk, leskedrikk og kaker.

- Alle er invitert og torsdag og fredag blir det knalltilbod på mange varer. Timetilbod og pakkar som er skreddarsydd entreprenøren er berre noko av det, informerer Engen.

Tung investering

Nærmare 20 millionar kroner har Farsund Bygg investert i det nye tilbygget dei no skal opne. Kring 5.000 kubikk med stein har vorte blåst vekk. Til Fordeby.no er dei klare på at det viser at det opprinnelege næringslivet i Førde enno er til stades.

- Vi satsar på Førde, og no håpar vi at så mange som mogeleg kjem til opninga, avsluttar Randi Engen og Kjell Engesæter, og smiler breidt.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7