– Skal han der ha betalt for det der???

Publisert 04.07.2016 08:29, oppdatert 07.09.2016 15:08 - Rein Design. - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

– Skal han der ha betalt for det der???

Trafikkskulesenteret i Fjellvegen 10 i Førde er  ein lokal institusjon innan køyreopplæring, som har gitt mange tusen av oss har lov å køyre bil og motorsykkel. 

Innhaldsmarknadsføring: Der rår køyrelærarane Tore Kirketeig, Per Lysholt, Jan Erik Odden, ”Totto” Bydal Hauge og Eivind Hauge. Dei tilbyr køyreopplæring for motorsykkel og personbil.

– Og vurderer klasse BE, bil med stor hengar. Det er det stor etterspurnad etter. Men vi har ikkje vore arbeidsledige til no heller, smiler Tore Kirketeig og viser inn. Dei andre er ute og ser til at ein ny generasjon sjåførar kan trå trygt inn i trafikken.

– Det er mange ”bakgardsskular” rundt om kring, vi er ein komplett skule, og stolte over lokala våre, smiler han.

– Eige klasserom til teoriundervisning, betjent kontor frå 09-15, fem dagar i veka, som tek seg av det administrative og fordeler timar. Vi samarbeider og det fungerer flott, men du får jo den læraren du ønskjer.

Men lat oss hoppe vidare. Vi mistenker at det ligg ei god historie eller tre hos køyrelærarar?

Landevegens ”psykologar”

– De får vel høyre ein del i bilen?

– Ja, litt psykolog må ein vere i ein slik jobb. Du får ein del livshistorier, og vi møter mykje folk. Og dei elevane som pratar og fortel om alt mogleg er jo dei ein huskar best. Ein kjem ganske nær elevane i løpet av trafikkopplæringa. Minimumstalet timar i den obligatoriske opplæringa er 18 køyretimar. Ein typisk elev ligg mellom 20-30 køyretimar, og jo mindre du har kjørt privat, jo nærmare 30 kjem ein.

trafikkskulesenteret5

Køyrelærarane ved Trafikkskulesenteret har opparbeida seg nokre gode historier under all køyreopplæringa. Foto: Rein Design.

– Fortel oss ei god historie frå ein slik time då?

– Dette er ei dame i godt vaksen alder. Ho hadde veldig mange køyretimar, men var eit oppkomme av gode historier. Eg kjeda meg aldri med ho. Ho fortalte meg ein gang om nokre sjøfolk som hadde konkurrert i å banne verst. Vinnarordet vart Det Stavangerske Dampskipselskap. Kvifor dei var så ille, det veit eg ikkje. Dei må ha hatt ein dårlig epoke i forkant, ler han.

– Ei tid seinare var vi ute og køyrte i Førde sentrum, på veg forbi Domus fram til lyskrysset. I det vi skal køyre på grønt lys er ho uheldig, og kveler bilen. Ho ser opp i spegelen, og ser at kjeften på karen i bilen bak går. Det er tydeleg at det er bannskap han driv med.

– Ja, berre bann du! Vi kan svare for oss vi, seier dama, og så kjem det klingande: Stavangerske! Og så starta ho bilen og køyrer elegang ut i krysset, ler Tore.

– Skal han ha betalt for ditta???

Tore har fleire historier, og kjem spesielt på ei, som gav han ny sjølvinnsikt.

¬– Når vi køyrer obligatorisk opplæring på landeveg er vi mot slutten av køyreopplæringa. Då skal det ikkje vere så mykje instruksjon frå køyrelæraren. Då skal eleven gjere sine vurderingar, tilpasse fart og trafikkbiletet og slike ting. Det er ikkje ein leksjon på same vis som i starten av opplæringa. For nokre år sidan køyrte med ein elev i denne fasen. Ut til Florø, litt køyring i sentrum. Og ho hadde med seg tanteguten sin, som var på vitjing. Ein liten kar, av den sorten som hadde spesielt kort veg frå tanke til tale, ler Tore.

– Det som slo inn i hovudet på han, det ramla ut med ein gang. Han prata mykje, og tanta vart litt småflau over enkelte kommentarar. Eg prata med han, og så fortalte han at han skulle heim til Gjøvik. Eg lurte på korleis han skulle reise dit.

– Eg skal fly.

– Torer du det då?

– Ja!

– Men tenk om du ramlar ned då, spurte eg. Han såg på meg som om eg var heilt forstokka.

– Det er jo golv der.

– Eg hadde då røpa at eg ikkje hadde peiling på korleis eit fly såg ut, humrar Tore.

Medan ho køyrte, stilte eg spørsmål om alt mogleg: Kva betyr det skiltet? Kvifor køyrde du slik. Kva bør ein gjere i denne situasjonen og så vidare. Målet er at eleven skal få ut sine tankar om ulike situasjonar. Slik såg ikkje han på saka, ler Tore.

– I det vi kjem tilbake til Førde, spør ho meg om ho kan få betale med ein gang, og gjorde klar pengane. Då smell det frå baksetet:

– Skal han ha pengane? Skal han verkeleg få pengar?

Ikkje hadde eg køyrt, og heile tida hadde eg avslørt grov mangel på kunnskap ved å stille eleven ”dumme” spørsmål. Då skjønte eg korleis jobben min såg ut i eit barnesinn. Då var eg ikkje mykje verdt, ler han.

trafikkskulesenteret3

Litt ute på vegskuldra…

Og så er det no ein gang slik, at i blant er historiene litt på ein anna kant. Denne er ikkje Tore si, men ein kollega som også driv opplæring på motorsykkel. Ein dag var han ute med ei dame som skulle ha førarkort for motorsykkel. Det føregår slik at køyrelæraren sit bak, og eleven køyrer.

Då kjem fysikken inn i biletet. Om ein bremsar hardt, vil alle på motorsykkelen skli fram. Køyrelæraren prøvar å forankre seg med beina, men det er grenser for kor hardt ein kan klemme mot motorsykkelen. Kvinna bremsa gang på gang så hardt at køyrelæraren sklei fram mot ho. Køyrelæraren formana ho kvar gang om å bremse mjukare.

På veg inn mot eit lyskryss gjorde ho seg klar, og bremsa enno hardare. Denne karen er kjent for sitt friske språk, så då såg han det naudsynt å komme med ein klår åtvaring.

– Bremser du så hardt ein gang til, så er du gravid når du stig av sykkelen!

Større krav

Men lat oss bli alvorlig att. Dagens trafikkbiletet er ingen spøk å hive seg ut i. Det veit Tore det meste om, sidan han er på veg inn i sitt tiår nummer fem som køyrelærar.

¬– Då eg byrja som køyrelærar, køyrte vi rundt i vesle Førde sentrum. Og så måtte eleven beherske bakkestart og vise at ein kunne rygge. Det var i grunn kravet. Det fekk meg til å tenke: Kva er det eg sjølv har lært om køyring i trafikk og på landeveg, som vi ikkje formidlar vidare? Men så kom det jo etterkvart meir krav til blant anna landevegskøyring inn i biletet, som vi byrja med tidlig. Og så kom glattkøyring, det som no heiter tryggleikskurs på bana, opplæringa vart meir omfattande, og det vart ei meir reell opplæring. Ein fekk større krav til ting som dette med å halde fartsnivået, og bidra til flyt i trafikken. I starten var opplæringa stort sett prega av rein instruksjon. Så gikk ein meir og meir over til å drive rettleiing. Det er mykje høgare nivå på både opplæring og ferdigheitene til elevane når dei har fått sertifikat no, enn den gang. Og det trengs, trafikkmiljøet er heilt annleis i dag. Samtidig som bilane har mykje høgare nivå på både utstyr og tryggleik også, seier han.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7