Slik gjer du din kjære glad på valentine

Publisert 13.02.2017 14:05, oppdatert 13.02.2017 18:29 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Slik gjer du din kjære glad på valentine

I morgon er det kjærleikens dag. I butikkane i Førde kan det verke som at sunnfjordingane har gløymd dette.

Førde: (samarbeidpartner) - Noko gåvesal blir det, men det er ikkje slik at vi legg så stort fokus på denne dagen at vi bestiller inn ekstra varer, seier dagleg leiar, Ann Helen Karlsen, ved Vita Exclusive på Elvetorget.

- Eg trur det er mange som kanskje meiner at det berre er ein teit amerikansk tradisjon, og at det er meir populært i storbyane.

Uansett er den 14. februar den dagen kjærleiken feirast over store delar av verda. Saint Valentine`s Day som det heiter så godt, har sitt utspring tilbake i år 469, men tradisjonen med å gi kvarandre gåver og merksemd kom noko seinare, kring år 1100.

Med det utgangspunktet har vi vore rundt i nokre butikkar for å høyre kva ein eventuelt burde kjøpe til han og henne.

Smykke og klokker

På Gullsmed & Urmaker H. Brændmo og J. Pettersen er det klokker og smykke som er tingen.

Pettersen seier at salet tek seg opp på dagar som morsdag og valentinsdagen.

- Eg trur at slike dagar må til for at ein skal kunne vise litt ekstra merksemd til sin kjære. Det er ikkje alle som er like flinke til det resten av året, seier Jannicke Pettersen, og viser fram kva dei har å by på.

IMG_0039
IMG_0015
IMG_0050

Hjartesmykker har butikken til ein startpris på 299 kroner og bevegar seg raskt over nokre tusenlappar. For diamantringen må du ut med 112.999 kroner - med andre ord ei svært eksklusiv valnetinesgåve. Foto: Børje Fonn Skaar. 

Gåvekort og god lukt

På Vita Exclusive er det parfyme eller gåvekort til hudpleie som vert anbefalt.

Blant anna desse:

IMG_0117

Parfyme til han og henne frå Poco Rabanne. Foto: Børje Fonn Skaar.

Sjokolade, blomster og bamse

På Nille på Elvetorget har dei stelt i stand eit bord med gåvetips til dagen i morgon.

- Her har vi gåver til ein rimeleg pris, seier Mari Anette Fonn Flo, og påpeiker at ho trur din kjære hadde vorte glad for ei lita gåve av denne typen.

IMG_0125-2

På Nille er det fleire små merksemdgåver du kan gje til den kjære. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også