Slik held du oppe treningslysta året rundt!

Publisert 31.01.2017 18:41, oppdatert 31.01.2017 18:43 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Slik held du oppe treningslysta året rundt!

Tidleg på året er treningsviljen stor. På Spenst Førde strøymer det inn nye fjes, som gyv laus med iver. Så kjem våren – og kva skjer då? Kent Roger veit korleis du held oppe treningsgleda året rundt. 

Annonse: Som leiar av det største treningssenteret i Førde er januar ei hektisk tid for Kent Roger Engdal.

– Når året er nytt, er treningsgleda stor. Folk blir meir aktive og et sunnare. Medlemstalet aukar markant, og eksisterande medlemer er veldig på hogget. Det er stort trykk og liv og røre her no. Det er kjempekjekt. Alle på huset, frå PT’ar til ernæringsfysiolog og testlab, står på for å aktivisere og hjelpe. Vi gir nye medlemer to PT-timar, fordi vi veit at folk som får gode treningsprogram, forblir aktive lenger og trenar riktig. Då får dei og resultat, som gir treningsglede og motivasjon.

Men det er rart med det. Når det lir mot vår, er det nett som om dørstokkmila veks.

– Statistikkane våre viser at aktiviteten dabbar litt av når ein kjem ut i midten av mars. Veret blir betre og mange trekk ut for å gå, sykle og springe, så tek dei styrketreninga her. Det er flott. Det som ikkje er like bra er at nokre også fell frå og blir inaktive. Det likar vi mindre, smiler Kent Roger.

– Vi jobbar hardt for å skape kontinuitet i treninga til medlemmene. Jamn trening over tid er det som gjev mest vinst i form av god helse og form. Det tek tid å komme i gang etter pausar, og kroppen må tilpasse seg trening igjen. Når ein ikkje går på trening ei tid, aukar også sjansen for at ein sluttar heilt.

Ei motvekt mot fallande treningslyst

Nærmare 60 gruppetimar i veka er Spenst sitt hemmelege våpen mot dalande treningslyst.

– Alle skal finne ei treningsform som fenger! Vi har alt frå spinning til crossfit, styrketimar, yoga, timar med fokus på tøying, gruppetrening for seniorar og timar for born. I januar lanserte vi også nye konsept, seier Kent Roger ,og trekk fram fire nykommarar.

Bungee er enkel, funksjonell og morosam trening med strikk. Ei komplett økt, som utfordrar heile kroppen og trenar uthald, hurtigheit, spenst og styrke. Effektiv og skadeførebyggjande trening, som er godt egna for idrettar med hurtige rørsler og høg intensitet.

– Powerkick brukar teknikkar frå kampsportar. Ein jobbar med kombinasjonar av slag og spark. Ein hard, intens time som gjev eit kick – og brenn mykje kaloriar. Instruktør Espen Espenes har lang erfaring frå kampsport, seier han.

Yoga for kids er eit kurs over ti timar. Instruktør Eli-Gro Bergby Carlsen har vidareutdanna seg innan yoga for born. Fokus her er å fremje balanse, styrke og kreativitet gjennom leiken Yoga. Borna lærer å finne ro i kropp og sjel med pusten – og at dei er bra nok som dei er. 

Zumba toning er Zumba med lette handvekter, for ekstra toning av armar og skuldre. Ein time for alle, spesielt om du er glad i musikk, dans og rytme. Her brenn du kaloriar på ein kjekk måte, lovar han, og trekk fram ei treningsform som er i spennande utvikling.

– Dei som har lyst på ei ekstra utfordring prøver crossfit. Mange er veldig glad i crossfit fordi det skjer noko nytt kvar gong. Ingen time er lik, og ein får trena ”alt” i ei økt: Styrke, uthald, kondisjon og smidigheit. Dette slår an blant unge som eldre. Vi hadde nett ein dame på 76 år som prøvde crossfit, og syns det var heilt topp, avsluttar han.

Kentroger1

Crossfitt har visst seg som ei treningsform mange set pris på, med stor variasjon. Her får du trent heile kroppen i same økt, frå uthald til styrke og smidigheit. Foto: Rein Design.

Kent Roger sine sju tips for å bevare treningsgleda

1. Start roleg. Mange hoppar rett i det, med 4-5 treningar i veka. Start heller med to økter i veka, så kan ein auke etterkvart. To økter i veka året gjennom er og betre enn å vere svært aktiv i eit par månadar.

2. Gjer deg nytte av programma du får. Alle nye medlemer får to timar med PT her hos oss. Når ein har eit program der ein trenar riktig, og får resultat, blir dørstokkmila lågare.

3. Premier deg sjølv: Sett delmål, og ein premie til deg sjølv du får når du klarar dei. Det kan til dømes vere nye sko eller ein helgetur til Bergen.

4. Vær nysgjerrig: Test ulike gruppetimar. Trening skal vere kjekt. Vi er ikkje skapt for å gjere ting vi ikkje likar. Då blir det eit ork. Likar du ikkje tredemølla – så la vere. Gruppetimar har faste tider i veka, med instruktør, som gjer dørstokkmila mindre. Når ein har det gøy, er det lett å trene.

5. Ikkje ver redd for å spørje. Vi har mykje kompetanse på huset. Nytt gjerne PT og ernæringsfysiolog. Når ein skal endre livsstil handlar 30 prosent om trening. Resten er å ete og restituere riktig. Sjølv små grep gir gode resultat, som igjen gir treningsglede.

6. Unngå skadar. Mange trenar med små skavankar, eller feil teknikk, som kan føre til skadar. Vi har gode behandlarar på huset, som kan legge til rette treninga så ein både kan vere aktiv, og trene seg skadefri.

7. Kopl av. Som Pluss-medlem på Spenst får du tilgang til Spa-avdeling, med symjebasseng. Det gir god trening, utan blodsmak i munnen. Og det er viktig å pleie seg sjølv. Ein tur i boblebad gjev energi i kvardagen. Og ein massør eller hudpleiar kan mjuke deg opp når gangsperra sit hardt.

Hovudbilete: Variasjon i treninga er viktig. Her prøver Marita Gjerland å overbevise Kent Roger om at saltrening er tingen, medan Synne Ripe meiner han bør trene litt styrke. Du bør gjere begge deler. Foto: Rein Design.

Les også