Slik trener du i jula

Publisert 23.12.2016 08:55, oppdatert 23.12.2016 08:55 - Synne Ripe - tips@stottmedia.no

Slik trener du i jula

Synne Næss Ripe skriv at det er lov å slappe av meir enn vanleg, men at ein burde halde treningsgrunnlaget ved like.

Blogg: Det skal vere lov å slappe av i juleferien, og ein skal slippe å tenke på at ein burde ha trena like hardt og mykje som det ein gjer elles i året. Sjølv om det dog er viktig med avkopling skal ein kunne hente seg inn igjen når det nye året ringer inn, betyr ikkje det at ein treng å gå totalt i dvale. Kutt ned på hyppigheit og volum ved å bytte det ut med høgre intensitet og meir effektive øvingar.

I Juleferien er det mange som liker å trene alternativt, og/eller bruker minst mogeleg tid på trening for å kunne samlast rundt familie, kjæraste eller venner. Difor har eg kokt ut tre ulike treningsøkter som du kan utføre dersom målet er å bevare form og samtidig bruke minst mogeleg tid på trening!

Eg tenkte å dele innlegget opp i fire deler som består av ei eiga økt for trening av uthald, ei for kombinasjon av styrke og uthald, ei for styrketrening og til slutt ei styrkeøkt som du kan gjere ute. Den siste dukkar opp på nyåret. 

Vi startar med uthald og det her er ei treningsøkt som du kan ta både inne og ute alt etter ynskje og behov. Sjølv tok eg den inne i lag med fleire andre ifrå CrossFit Førde, noko som var med på å pushe meg langt betre enn eg hadde greidd aleine.

Treningsøkta består av:

1. 10 minuttar oppvarming i eige tempo. Her kan du godt kombinere både gange, lett jogging og litt dynamiske øvingar eller spurtar til slutt.

2. Hovuddelen er 400m springing, direkte etterfølgt av 25 burpees.

Det skal du gjere så fort du kan, totalt seks rundar. Dersom du ynskjer å ha pausar så legg du inn desse sjølv, men målet er at du jobbar kontinuerleg heilt du er ferdig med alle seks rundene.

Eg brukte 23 minuttar og 12 sekundar på å fullføre alle seks rundane, då låg eg litt over terskelpuls gjennom heile økta. Ei kjapp, men tung økt med andre ord.

IMG_8510
IMG_8619

Foto: Børje Fonn Skaar.

Burpees: Start med å legge deg ned på golvet, slik at både bryst og lår er i kontakt med underlaget. Deretter brukar du armar og bein til å komme deg opp igjen, før du avsluttar med eit hopp og eit klapp. Hugs at du ikkje treng å utføre ein push up i det du går opp eller ned.

Les også