- Sommarfuglane er der dei skal vere

Publisert 07.10.2016 10:16, oppdatert 07.10.2016 11:31 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Sommarfuglane er der dei skal vere

Førdianarane Ingvild Lien og Ole Arvid Jensen Nyland debuterer i NM i styrkeløft i Oslo denne helga.

Førde:  - For meg er hovudmålet å sette personleg rekord i alle løfta. Sidan det er første gang det blir arrangert norgesmeisterskap i styrkeløft utan utstyr, er det vanskeleg å vite kva ein skal forvente av plassering, seier Ingvild Lien.

Når Fordeby.no møter dei to under vekas siste trening torsdag ettermiddag, er det synleg at nervane har begynt å sige på.

- Eg merkar at sommarfuglane er der dei skal vere akkurat no, seier Lien, og smiler.

- Det er verre for meg. Eg har ein dag ekstra å kvi meg på, seier Nyland, som skal til pers på søndag, medan Ingvild løftar laurdag.

Ny vektklasse

Nyland som har trena målretta innan sporten dei siste fire åra har nyleg gått ned ei vektklasse til under 105 kilo.

- Sjølv om eg har gått ned ei vektklasse, er målet at eg skal perse i alle løfta mine, seier han, og legg til at den høgste samanlagtsummen frå tidlegare konkurransar er 660 kilo.

IMG_0763

Fokus: Ingvild Lien er relativt ny i gamet og starta trene styrkeløft i starten av 2015. - NM er det eg har trena mot i år, seier ho. Foto: Børje Fonn Skaar.

Ingvild Lien har 387,5 kilo som besteresultat i øvingane benkpress, markløft og knebøy.

Mat og avslapping

- Korleis vert dei siste timane inn mot løftestart?

- No er det viktig å slappe av. Sove og ete godt, seier Lien.

- Og stresse minst mogeleg, påpeikar Nyland.

Ole Marius Osland og Magnus Aasheim, som begge tok NM-kravet tilbake i mai, skal ikkje delta under helgas meisterskap.

NM som blir arrangert i regi av Christiania Atletklubb kan ein oppleve i Oppsal Arena i Oslo.

Stine Farsund Ulltang, også ho frå Førde, skal løfte i dag klokka 18.30. Ho stiller i -53 kilos klassa og løftar for Oslo Styrkeløftklubb.

IMG_0784

På «rulla»: Ole Arvid Jensen Nyland trener kvar dag og på søndag gjelder det å omsette dette til eit godt resultat. – Det er for mange timar til at det kan kome på trykk, seier han om kor mykje tid som går med til trening i veka. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også