Foto: Thomas Cloer/Flickr.com

Publisert 15.12.2017 10:01, oppdatert 15.12.2017 10:01 - - tips@stottmedia.no

Spår våt julaftan

Julestemning har prega fylket vårt dei siste dagane, med snø og minusgrader. Dei som håpte det skulle vare til jul, blir nok skuffa.

Langtidsvarselet til Yr.no har nådd første del av julaftan. Det er ikkje hyggeleg lesing for oss som er lei regnet. Minusgradene som har besøkt Førde og fått følge av eit kledeleg lag snø tek slutt allereie mandag formiddag.

Då kryp temperaturen like over null grader og den skal halde seg på raudsida av streken heilt fram til julaftan. 

Tirsdag er det tilbake til normalen. Nettstaden lover 17 mm regn, og nesen like mykje på onsdag. Torsdag kan vi vente opp mot 30 mm regn. Fredag blir mengda halvert og laurdag - vesle julaftan - blir det  berre litt regn ut på kvelden og natta. Det er også meldt regn på morgonen søndag. 

Det skal seiast at varselet er usikkert i og med at vi fortsatt har ei drøy veke att til høgtida, så det går framleis an å sette blå himmel på ønskelista sjølv om det kanskje er å tru på julenissen.

Les også