Sunnfjord Countryrock 2017

Publisert 26.10.2017 13:20, oppdatert 26.10.2017 13:20 - - tips@stottmedia.no

Sunnfjord Countryrock 2017

Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotell 27-28 oktober

 

CRASHVILLE
2017 er eit 10 års jubileums år for gutane og etter kvart, jentene i Crashville! Dette er eit band med stayerevne som har halde det gåande for fullt både på turne og platefronten desse åra. Dei kan skilte med å ha spelt på alle dei største countryfestivalane i Norge og fanskaren er større enn nokon gong. Hundretusenvis av spelingar på Spotify er også med på å halde trykket oppe mens dei no i 2017 har vært i studio og spilt inn ei rekke nye låtar som vil bli slept som singlar utover hausten. 
I tillegg til eit knippe gode countryrock slagarar frå andre artistar, leverar Crashville rotekte countryrock frå Ørsta med god publikumsappell og dansetakt!
Crashville består av:
Svein Ivar Holen: vokal og ak.gitar
Øystein Nybø: Trommer
Hans-Christian Humberset: El.gitar.
Tom Andre Holen: Bass
Kristiane Runde: Fele
Linda Karin Eidem: Vokal/Kor

Crashville spelar på den nye Larris-klubbscena fredag 27 oktober under Sunnfjord Countryrock.

FRI FLYT til Sunnfjord Countryrock fredag 27. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.
Fri Flyt er eit countryband frå Lavikdal som vart starta opp i mai 2013 og kom med albumet «I Kulissar Av Natt» i mars 2015. Ei blanding sjølvskrivne låtar med humoristiske tekstar, fart og rytme i melodiane, til dei meir rolige, harmoniske.
I oktober same året ga vi ut singelen «Heim Frå Breim», som gjev eit bilde på muntre festivalsomrar.
Albumet nummer to «Neste Post» vart utgjeve i oktober 2016, med 13 låtar som også er eigenproduserte. Ut frå ein av låtane på albumet vart det spelt inn musikkvideoen «Lausdrift». Videoen fekk stor merksemd både på Facebook, Youtube og Spotify og nærmar seg 500.000 avspelingar på ulike mediar. Før jul 2016 gav Fri Flyt ut singelen « Eit Snøfall».
FriFlyt er: Malvin Rysjdal (vokal, trekkspel), Even Solheim (gitar), Wenche Liljedal (trekkspel), Dan Mikael Ripe Frøystad.(steel-gitar).
Fri Flyt er til spelinga på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock fredag 27 oktober forsterka med rytmeseksjonen til Gunslingers, Jostein Fonnes på bass og Frode Andreassen på trommer.

THE POOR BOYS CC REVIVAL BAND omtalas av arrangørar og fans som Noregs råaste Creedence tribute band. Bandet har base i Bergen og turnerar Sør-Norge på kryss og tvers. Spelejobbar varierer frå store festivaljobbar som Seljordfestivalen, dansefestar, pubjobbar til musikklubbar. Creedence er tidlaus musikk som når dei fleste uansett om ein likar country, blues og rock’n roll. I 2016 delte The Poor Boys CC Revival Band scene med storheter som Nazareth og Bellamy Brothers.
The Poor Boys har ivareteke sjela i Creedence musikken. Bandet spelar med stor intensitet og med ein ærlegheit som gleder alle Creedence hjerta. John Fogerty ville utvilsamt vore svært fornøgd etter ein kveld med The Poor Boys CC Revival Band. Kjende låtar er m.a. Proud Mary, Have you ever seen the rain, Bad moon rising, Cotten Fields, Down on the corner m.fl.
Medlemmer i The Poor Boys CC Revival Band er: 
Karl Henrik Svensson (gitar/vokal), 
Hans Tore Hansen (bass/vokal), 
Tormod Kayser (trommer) og 
Helge Laastad (gitar).
Bandet spelar til fest og dans fredag 27.oktober for eit feststemt publikum i fleire generasjonar på Larris-klubbscene under Sunnfjord Countryrock i Førde.

VASSENDGUTANE Har med over 20 år saman hengande turnering, med 8 cd utgjevingar , 3 live DVD ar og heile 60.000 følgjarar på sosiale mediar, gyver eit av Noregs mest populære liveband i gong med 2017 turneen: ”På kryss og tvers 2017”
Bandet leverar nytt konsertprogram, som blei presentert for pressa laurdag 14. Januar d.å. i heimbygda Ørsta.. Vassendgutane held på å forberede innspelinga av to nye låtar, som blir slept på spotify våren 2017.
Vi fokuserer på det visuelle, opplyser bandets manager. Nytt lys design er under produksjon og bandet forsterkar også sjølve lyd produksjonen, slik at det blir eit behagelig lyd nivå på bandet sine konsertar.
Vassendgutane er veldig stolte over å kunne med dele, at dei har knyta til seg Henning Antonsen på steelgitar. Henning er ein av ”musikkpolitiets” favorittar, og regnet som ein av dei leiande på sitt instrument i vårt langstrakte land.
Vassendgutane slapp før jul (2016) en rykande fersk live DVD i frå Seljord, som har hausta glimrande kritikkar i frå pressa og bandet sine trufaste fanskare.

Ein ”kryss og tvers konsert” med Vassendgutane vil i 2017 innehalde ein del av bandet sine eldre låtar kledd i 2017 drakt, og sjølvsagt orkesteret sine monsterhits som publikum elskar å synge med på.

Vassendgutane 2017 ”På kryss og tvers” er:
Sindre Aam - Vokal, Bass
Arthur Johan Bjørdal-Vokal, akk gitar
Ernst Olav Brune-Trekkspel
Rune Ståle Brautaset- Vokal, akk gitar
Frank Willy Utgård- Elgitar, vokal
Henning Antonsen-Ste elgitar, vokal
Kim Erik Lillestøl- Trommer, vokal

Laurdag 28.oktober spelar dei i Sunnfjordalen under årets Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, for eit feststemt publikum.
.....................
STEINAR ENGELBREKTSON har gjeve ut 8 plater. Vore med på over 40 samleplater. Verdsrekord med 12 år samanhengande på Danseband Jukeboks med låta «På grunn av bagateller». Suksess med låta «Ikkje Gje Opp Håpet» saman med Anne Nørdsti. Steinar er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangørar og rebooking er blitt vanleg når denne populære artisten er ferdig med ei spelehelg. Årets danselåt 2014 med «Heim til Nordfjord».

Bandet er: Steinar Engelbrektson (trekkspel, bass og song) - Tor Ove Sjåstad (trommer) - Sissel Sundby (piano, orgel og song)-Per Olav Samuelsen( gitar) og Lars Egil Vågseter (steelgitar).
Laurdag 28.oktober spelar dei til dans i nye klubbscena frå kl. 21.30 for eit feststemt publikum i Førde under Sunnfjord Countryrock

Crashville, Fri Flyt og Poor Boys CC Revival Band spelar fredag 27.okober under Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.
Dørene opnar kl. 20.30 . arr slutt kl. 02.00 på Larris-klubbscene.
https://fjordanemusikkforum.ticketco.no/sunnfjord_countryrock_2017_fredag/

Vassendgutane og Steinar Engelbrektson Band spelar laurdag 28 oktober under Sunnfjord Countryrock på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.
https://fjordanemusikkforum.ticketco.no/sunnfjord_countryrock_2017__laurdag

Aldersgrense 20 år. Legitimasjonsplikt.
For beste hotellpakker med overnatting og middag kontakt hotellet. Mail: Sunnfjord@scandichotels.com eller på tlf 57 83 40 00, resepsjonen.

Les også