Sunnfjord Elektro – ditt lokale val

Publisert 26.01.2017 14:37, oppdatert 26.01.2017 15:37 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Sunnfjord Elektro – ditt lokale val

Sunnfjord Elektro AS har nettopp runda 10 år, og åra har vore prega av vekst. Omsetnaden er nær dobla siste fem åra, og tal tilsette aukar. Det vitnar om at kundane set pris på dei – og vender tilbake.

Annonse: Bedrifter som Sunnfjord Elektro er sentrale i eit moderne samfunn, som er avhengig av infrastruktur innan lys, varme, tele, TV, kommunikasjon og data. Sunnfjord Elektro er autorisert innan elektro, brannsikring, tele, data og TV.

Ville skape eigen arbeidsplass

I dag har verksemda 15 tilsette. Starten i 2006 var meir beskjeden, med Roger Vikum og Ronny Trædal.

– På den tida hadde eg sete på eit kontor i 12 år. Eg hadde lyst ut å skru igjen! Då kunne eg like godt starte for meg sjølv, smiler Roger.  

– Målet var arbeid til meg og Ronny, men arbeidsmengda auka raskt, så vi måtte raskt tilsette eit par mann. Det var aldri eit mål om å bli større enn 5-6 tilsette, men vi har tilsett folk kvart einaste år.

– Det har vore ti kjekke år, med positiv utvikling i selskapet. Så langt har vi lukkast med å levere tenester som kundane etterspør, på ein måte som gjer at dei blir nøgde. Det er ei veldig god kjensle. Kundar som får ei god oppleving med oss vender tilbake. Og kanskje fortel kunden også andre at vi har gjort ein god jobb, seier dagleg leiar Harald Kirkebø.

– Vi meiner jo sjølv vi er eit trygt val, som er seriøse i alle ledd. Og vi kjem til å vere her i morgon også.

Lokalt eigd

I 2010 gikk dei inn i Elektrikarkjeda El-Proffen, og Steinar Gram kom etter kvart inn på eigarsida saman med Kirkebø. Sunnfjord Elektro er det einaste lokalt eigde elektro-selskapet i Førde. Dei er særs interessert i å skape skape verdiar lokalt.

– Filosofien vår er tredelt. Vi skal vere ein god arbeidsgjevar, som gjev sine tilsette trygge arbeidsplassar, godt arbeidsverktøy og gode servicebilar. Vi er særs kunderetta, og ønskjer å yte gode tenester for kundane våre, både som rådgjevar og som utførande. Bygget vårt kjøpte vi tilbake frå eit Bergens-selskap, fordi vi er opptekne av lokal verdiskaping og å utvikle nærmiljøet vårt. Vi er lokalt eigd og forankra, og ønskjer å bidra til arbeidsplassar og vekst i Førde, seier Kirkebø.  

Satsar på lærlingar

Det å skape lokale verdiar pregar rekrutteringsfilosofien til bedrifta.  

– Vi ønskjer primært å rekruttere personar med lokal tilknyting. Då er det større sjanse for å at dei blir. Lærlingar er den beste måten å rekruttere på.  Då får ein påverke haldninga deira og forme dei som montørar. Vi er opptekne av dei skal yte god kundeservice, ha gode haldningar og vere fagleg dyktige. Vi tok inn den første lærlingen i 2008, og vi har hatt seks lærlingar som har teke fagbrev. Ein brukar tid og ressursar på å trene opp lærlingar, så vi ønskjer jo at dei blir hos oss som montørar. Tre av dei som tok fagbrev er no montørar her, og per i dag har vi fire lærlingar. Å ha positive ungdommar i bedrifta er veldig fint. Det er like kjekt kvar gong å sjå dei utvikle seg til dyktige fagfolk. Og når dei tek fagbrev og får eigen servicebil, strålar dei, smiler Harald.

Veks vidare

Sunnfjord Elektro får stadig fleire kundar. For tida er dei difor på jakt etter fleire tilsette.

– Det er rikeleg med arbeid, så vi er alltid på jakt etter nye folk. Vi har alltid sagt at om det kjem det ein dyktig montør på jakt etter jobb, så tilset vi han på dagen, seier Vikum.

– Vi skal ha tak i serviceleiar, montør/elektrikarar og internkontrollansvarleg, fortel Kirkebø, og legg til at vidare vekst er eit naturleg mål.

– Ettersom ein veks kan ein ta større oppdrag, og ein blir meir attraktiv for større næringsbyggkundar. I fjor hadde vi to av våre største oppdrag, parallelt. Toyota Førde sitt nybygg og tilbygget til Berge & Co. Det førte til eit rimeleg hektisk 2016, smiler Harald.

– Vi sto for både prosjektering og montering, og det var nesten i overkant av kva vi kunne ta på oss, men vi løyste det på ein god måte. Det var kjekt, seier Roger.

– Korleis ser de på framtida i Sunnfjord-regionen?

– Vi har veldig sterk tru på framtida både i Førde og den nye storkommunen. Det er bra trykk i bedriftene og samfunnet elles for tida. Det blir bygd mykje, og vi trur at ein ny og større kommune vil bidra til positiv utvikling. Den utviklinga ønskjer vi å vere med på å bidra til. 

Biletetekst: Dei fire eigarane i Sunnfjord Elektro AS: Roger Vikum, Steinar Gram, Ronny Trædal og Harald Kirkebø. Foto: Rein Design.

Les også