Anne Karin Steen. Foto: Førdeby.

Publisert 20.02.2018 19:40, oppdatert 20.02.2018 21:32 - Førdeby - tips@stottmedia.no

- Ta vinterdagane i Førde

Elvetorget og senterleiar Anne Karin Steen ønskjer at ein skal kunne legge vinterferien sin til Førde med festdagar på handelssenteret.

Førde (samarbeidspartner): - Det er så mangt ein kan gjere her i Førde, og vi ønskjer å vere med på å auke aktivitetstilbodet til dei som vel å tilbringe vinterferien sin her. Samtidig som vi håpar at det kan vere med på å lokke tilreisande hit også, seier Anne Karin Steen, til Fordeby.no.

Vinterfest i Førde

Frå torsdag til laurdag blir det i den samanheng arrangert Vinterfest på Elvetorget, med blant anna ansiktmåling, konkurransar, besøk av klovn som lagar ballongfigurar, born kan få lage bollar og det er ei rekke kanontilbod i butikkane.

Men det er ikkje berre handel og aktivitetar på Elvetorget som står på lista over det senterleiaren omtalar som ein strålande vinterdag i Førde.

- Det kan vere at ein tar seg ein skitur på Langeland eller i ein av alpinbakkane, for så å ta seg ein tur innom senteret for ein matbit og litt handel. Kanskje ein symjetur i Førdehuset eller på Sunnfjord Hotel & Spa. Kvelden kan ein avslutte med Jan Eggum på Larris scene fredag eller Terje Sporsheim på Førdehuset på laurdag

IMG_3897

Bollebaking: På laurdag vert det bollebaking for barna frå klokka 10.00 - 12, saman med Joanna på LunsjKafe. Foto: Førdeby.

- Førde er den perfekte staden å leggje vinterferien til, oppsummerer Steen med eit smil.

Ferietradisjon i Førde

Ho er klar på at senteret vil vere med å bygge opp under det at Førde skal vere ein attraktiv stad i vinterferien og at dette skal verte ein tradisjon i framtida.

- Førde er ein by med alt av tilbod innan handel og kultur. Samtidig har vi eit rikt skitilbod rett utanfor dørstokken, så eg ser ingen grunn til at om vi hjelper til med aktivitetar i sentrum, at folk ikkje skal legge vinterferien sin til Førde istaden for å sjå til andre stadar, seier Steen, og legg til:

- Så må vi ikkje gløyme at Gyngehesten har nyopning desse dagane.

IMG_3904

Nyopning: Gyngehesten har nyopning under Vinterfest-dagane torsdag til laurdag. Foto: Førdeby.

IMG_2533-2

Torsdag til laurdag vert det mange gode tilbod i butikkane på Elvetorget. Foto: Førdeby.

For meir info om Vinterfest kan du besøke Facebook-sida til Elvetorget her.

tilbod

Supertilbod: Her ser du nokre av tilboda under Vinterfest-dagane. Foto: Skjermdump.

Les også