Festen er over for fylkesdirektøren som i følge tingretten har misbrukt kring 3 millionar fylkeskommunale kroner. Foto: Flickr.com

Publisert 27.09.2017 10:44, oppdatert 27.09.2017 10:57 - Redaksjon - tips@stottmedia.no

Tidlegare fylkesdirektør ankar dom

Klienten hans vart dømd til 2 års fengsel og for å ha underslått 3 millionar kroner. Dommen var knusande, men er feil og er anka.

Det seier mannens advokat, Stig Nybø til NRK Sogn og Fjordane. 

Medan han var direktør for tannhelse i fylket, brukte han i følge dommen fylkeskommunen sine midlar til å gjere omfattande innkjøp. 

På beslaglista til politiet stod klatreutstyr, kaffikanner, kaffitraktarar, fleire droner, førstehjelpsutstyr, champagnekjølar, høgtalarar, fleire kamera, telelinse, datamaskiner og utstyr til desse,m røykmaskin, tursekkar og mykje meir. I alt 800 gjenstander vart beslaglagde. 

Nybø opplyser til statskanalen at klienten hans har vedgått å ha misbrukt kring 200.000 kroner av fylkeskommunen sine midlar.

Sjølv om anke er levert, er det ikkje sikkert at mannen får opp saka si på nytt. Berre saker der tiltalte er dømd til over seks års fengsel, er garantert ny behandling i ein høgare rettsinstans ved anke. 

Advokat Nybø seier til NRK at han har godt håp om at saka vil bli vurdert på nytt. 

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7