- Tilbodet er tilbake

Publisert 09.06.2017 08:30, oppdatert 09.06.2017 11:41 - Pressemelding, statens vegvesen - tips@stottmedia.no

- Tilbodet er tilbake

Endeleg klart for førarprøve på motorsykkel i Førde igjen.

Pressemelding: I mai blei det slut på førarprøvar for dei som ville ta førarkort på motorsykkel i Førde. Årsaka var at området som blei brukt til førarprøvar ikkje var mogeleg å nytta i samsvar med retningslinjene.

- Trafikkskulane fekk melding om at Statens vegvesen måtte stenge midlertidig, mens ein måtte finne eit nytt eigna område. I mellomtida har kandidatane frå Førde måtte reise til Sogndal for å ta oppkøyringa, seier Sigfred Sivertsen seksjonsleiar i Statens vegvesen.

No kan han fortelje at Statens vegvesen har gjort avtale med NMK Sunnfjord om å leige areal ved Kråkenes Marka Motorsportsenter.

- Dette vil vi starte med frå 28. juni, og vi er veldig glade for at vi no kan tilby oppkøyring på motorsykkel i Førde som vi alltid har gjort, seier Sivertsen.

Les også