Foto: Børje Fonn Skaar, illustrasjon.

Publisert 18.02.2016 09:31, oppdatert 18.02.2016 09:31 - NTB - tips@stottmedia.no

Tine-rekord gir bonusrekord

Tine har sett ny resultatrekord, og no set meierisamvirket rekord i bonusutbetaling til bøndene som leverer mjølka: 870 millionar kroner skal fordelast.

Avgjerda om å etterbetale 59 øre per liter levert mjølk i fjor, betyr at ein gjennomsnitts mjølkebonde som leverer til Tine, får ein bonus på 97.000 kroner, skriv Nationen. Dermed er bonusrekorden frå i fjor slått ettertrykkjeleg, med heile 40 prosent.

Rett nok går salet av søtmjølk ned, men ost, yoghurt og matlagingsprodukt trekkjer oppover. Konsernet nyt også fruktene av tiltak for å effektivisere drifta.

– Vi hadde eit offensivt mål om å forbetre drifta med 750 millionar kroner. Ved årsskiftet passerte vi 800 millionar, seier konsernsjef Hanne Refsholt. Ho seier dette berre er opptakten til ei langsiktig styrking. 

(©NPK)

Les også