To av tre strauk på forkurs i matematikk

Publisert 08.08.2017 13:16, oppdatert 08.08.2017 13:16 - NTB - tips@stottmedia.no

To av tre strauk på forkurs i matematikk

I alt 292 av 441 søkjarar som ikkje var kvalifisert til lærarstudiet, strauk på forkurset i matematikk. Pedagogstudentane vil fjerne mattekravet.

– Pedagogstudentane meiner at regjeringa bommar og brukar feil metode for å sikre at vi får gode lærarar i framtida ved å stille spesielle karakterkrav berre i matematikk, seier leiar for Pedagogstudentene Hedda Eia Vestad til Utdanningsnytt.

For å bli tatt opp på lærar- eller lektorstudiet må ein ha karakteren 4 i matematikk. Men dei som har 3 kan ta eit kvalifiserande forkurs.

Vestad meiner kurset fungerer dårleg, og at regjeringa må fjerne karakterkravet i matematikk. Det er ikkje kunnskapsministeren einig i.

– Det er fullt mogleg å rekruttere nok lærarar, samtidig som det blir stilt krav til kompetansen deira. Og det viser også erfaringane så langt, og søknadane til lærarutdanningane totalt sett har gått opp, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Vil føre til lærarmangel

Kristelig Folkepartis skulepolitiske talsmann Anders Tyvand, er derimot einig med studentane.

– No må kunnskapsministeren snart innsjå at mattekravet er feilslått og får alvorlege konsekvensar. Lærarmangelen vil auke, og bruken av ufaglærte arbeidskraft i skulen vil auke, seier Tyvand.

Han meiner det er ille at hundrevis av motiverte studentar blir avvist frå lærarstudiet, samtidig som hundrevis av studieplassar står tomme ved lærarutdanningane.

– Det er ingen tvil om at politikken til regjeringa fører til større lærarmangel, sjølv om målet var å rekruttere fleire lærarar, seier Tyvand, som på sikt meiner dette vil føre til ein høgare del ufaglærte lærarar.

Skjerpa krava

Det var i 2016 at regjeringa skjerpa krava for å komme inn på lærarutdanninga. Minimumskravet er karakteren fire i det enklaste mattefaget for å få opptak til studiet. Dei som hadde karakteren tre, fekk tilbod om eit gratis forkurs i matematikk i sommar for å forbetre karakteren sin.

Å stryke på kurset vil derfor seie at studentane ikkje klarer å få karakteren fire eller betre, og er altså ikkje ordinært stryk, skriv Khrono.

Sjølv om 66 prosent av dei som møtte opp strauk på kurset, er resultatet likevel betre enn i fjor. Delen som bestod forkurset har auka frå 24,5 prosent i 2016 til 33,8 prosent i år.

(©NPK)

Les også