Tomte-draum til sals

Publisert 25.10.2017 12:52, oppdatert 25.10.2017 12:53 - - tips@stottmedia.no

Tomte-draum til sals

Innafor bomringen, stor hage, solrikt og lite trafikk. No kan du sikre deg ei tomteperle i Førde. 

Dei som bur i Korsavegen har stort sett budd her lenge - svært lenge. For det er ikkje ofte det kjem bustader eller tomter for sal i dette svært attraktive området. 

Båt i hagen

Bjørn Sandsmark har budd i Korsavegen heile livet, og har no lagt ut litt av hagen sin for sal. I alt er det snakk om 1326 kvadratmeter med rein idyll. 

- Her er det opparbeidd hage, og tomta er sydvendt og har sol store delar av dagen. Dei nye naboane mine kan bygge kring 220 kvadratmeter einebustad og ha båten liggande eit steinkast frå huset dersom dei vil, seier Sandsmark. 

Og i denne samanheng betyr eit steinkast faktisk eit steinkast. 

Tomta ligg nesten i enden av blindvegen, og området har preg av einebustader og ein og annan fleirmannsbustad. 

Attraktivt turområde

Du får ikkje vere heilt i fred sjølv om du flytter til Korsavegen.

Mange førdianarar legg søndagsturen hit, og dersom du i tillegg hatar fuglekvitter er dette feil stad for deg.

Bjørn Sandsmark 1

Området på andre sida av Løken (det gamle elveløpet til Jølstra) er nemleg våtmarksområde og ein ynda stad for fuglar. 

Vanskeleg å finne

Det er vanskeleg å finne byggeklaretomter sentralt i Førde, og mangelen på sentrale tomter har i dei siste åra vore eit tema både i media og blant utbyggarar.

Kanskje har det vore så vanskeleg at mange rett og slett har gitt opp?

Den mest vanlege marknadsplassen for bustader, brukte eller nye, er Finn.no.

Dei fleste søker etter bustader - brukte eller nye, men svært få søker etter "tomt" på nettstaden. Og det er her tomta i Korsavegen dukker opp. 

Ikkje på billegsal

Bustadprisane i Førde er høge. Det er også tomteprisane. Dersom du skal bli eigar av tomta i Korsavegen, må du bla opp eit par millionar. I tillegg må du rekne med noko grunnarbeid. Byggekostnaden på ein einebustad varierer naturleg nok mykje alt etter kva standard ein vil ha, men det finst rettesnorer å gå etter. 

- Eg ser i norsk prisbok at gjennomsnittleg byggepris for ein einebustad på 150 kvadratmeter no er 26188 kroner inkludert moms. Det er med normalt høg standard. Det er med forbehold om at det ikkje dukkar opp store kostnader når det gjeld tilknyting til vatn og kloakk, seier Leif Arne Åsen i Åsen & Øvrelid til Fordeby. 

Grovt rekna vil då ein einebustad i Korsen komme på kring seks millionar inkludert tomta (utan grunnarbeid).

Det er omtrent det same ein må ut med for ei ny leilegheit på 130 kvadratmeter i området rundt sentralsjukehuset. 

Les også