Foto: Illustrasjon, Statoil.

Publisert 15.02.2016 13:32, oppdatert 15.02.2016 13:32 - NTB - tips@stottmedia.no

Trur oljeleidd nedtur går mot slutten

Både Nav og Statistisk sentralbyrå har begynt å sjå slutten på den økonomiske nedturen oljekrisa har ført til. Men det er framleis ei stund til det snur.

Oslo: – Vi trur at arbeidsløysa framleis vil auke i år, men at vi går inn i ein moderat oppgangskonjunktur neste år. Dermed vil vi sjå ei forsiktig betring utover i 2017, seier seniorrådgivar Johannes Sørbø i Nav til Dagbladet. Prognosane til Nav tar utgangspunkt i framleis nedgang i oljeinvesteringene i 2016.

 – Den svake krona vil gi betre tider for meir tradisjonell industri, som vil auke sysselsettinga og invisteringane. Låg rente vil føre til meir bygging av jernbane og bustader. Det vil framleis vere store geografiske skilnadar, og i Rogaland kan det ta lengre tid før det snur. Men det verste er over i 2017, meiner Sørbø. Også Torbjørn Eika i Statistisk sentralbyrå (SSB) trur ting kan snu snart. – Vi trur nedturen ikkje vil vare lenger enn til sommaren. Då kjem det eit svært forsiktig omslag, og arbeidsløysa kan gå litt ned mot slutten av året, seier han. Også Eika viser til at det er geografiske skilnadar og seier dette illustrerer at bildet ikkje er heilt svart.  (©NPK)

Les også