Åshild Kjelsnes, no fylkesvaraordførar under vegopning i Naustdal i 2011. Foto: Birthe Johanne Fredheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Publisert 15.11.2017 10:53, oppdatert 15.11.2017 15:11 - - tips@stottmedia.no

-Tull om rasmidlar

- Eg kan ikkje med mi beste vilje sjå at det er noko i vegen for å sikre Førde-Naustdal med rassikringsmidlar. Vi må få klarheit i korleis Statens Vegvesen tolkar regelverket. 

 

Det seier leiaren i Nasjonal rassikringsgruppe (NRG), Åshild Kjelsnes til Fordeby.

1 000 000 000 

Ein milliard kroner skal brukast for å rassikre E39 Våtedalen. Rv. 5 mellom Førde og Naustdal får ikkje rassikringsmidlar. Dette opprører ein samla transportbransje. 

17. oktober slo sjefsingeniør Guro Dyngen i Statens Vegvesen (SVV) region vest fast at rassikringsmidlar ikkje kan brukast til å sikre strekningar der det er gjort inngrep i naturen i terrenget ovanfor. 

Midlane til rassikring på desse strekningane må etter deira syn hentast frå drifts-, vedlikehalds- eller investeringsbudsjettet til vegvesenet. Les heile saka her.

- Dette er ei ny problemstilling oss, og må få konsekvensar. Vi vil ta initiativ til eit oppklaringsmøte seier Kjelsnes til Fordeby. Ho er noverande fylkesvaraordførar og tidlegare fylkesordførar for Arbeiderpartiet. 

Kjelsnes presiserer at NRG ikkje har som formål å gå inn i enkeltsaker, men arbeide for mest mogleg ressursar til rassikring generelt. 

- Berre tull

Kjelsnes kjøper ikkje forklaringa frå Dyngen.

- Når det er fare for ras frå terrenget over vegskjæringane, kan rassikringsmidlar brukast. Det er berre tull å påstå noko anna. Dersom det er fare for ras frå sjølve skjæringane, har Dyngen rett. Det har vore et par saker i andre regionar der det har gått ras frå sjølve skjæringane, og rasmidlar ikkje har kunne brukast. Men eg står på mitt og meiner at Dyngen og SVV ikkje har belegg for å tolke løyvingane slik dei gjer. Vi vil ta denne saka vidare for å få ei avklaring. Anten har vi rett, eller så har Dyngen og SVV rett. 

Om det blir i regi av NRG eller gjennom hennar rolle som fylkesvaraordførar, vil Kjelsnes vurdere.

- Det kan gjerast på to måtar. Rassikringsgruppa kan møte Vegdirektoratet for å avklare dette. Alternativt kan fylkeskommunen be om ei orientering frå leiinga i SVV region vest. Ein ting er i alle fall sikkert, vi må ikkje ha eit regelverk som er til hinder for å bruke midlane der det er mest bruk for dei. 

- Løpet er lagt

Kjelsnes har lita tru på at milliarden som skal brukast i Våtedalen kan omprioriterast sjølv om det skulle vise seg at SVV har tolka reglane for snevert:

-  NTP er vedtatt og då går det løpet. Rammene er lagt og prioriteringane gjort. Det er meir realistisk å få Rv. 5 inn på første rullering, seier Kjelsnes til Fordeby.no. 

Men er det ikkje galskap å bruke ein millard kroner i Våtedalen. Dette er trass alt pengar som kunne brukast på farlegare strekningar? 

- Det skal noko til å snu eit Storting som har kome til ei avgjerd. 

Les også