Foto: Børje Fonn Skaar.

Publisert 01.02.2016 09:20, oppdatert 01.02.2016 09:25 - Børje Skaar - tips@stottmedia.no

Fekk graut og mangopuré som «akutt medisinsk behandling»

Førde: Det melder Dagbladet.no måndag morgon.

Avisa har gått gjennom UDI sine tilsynsrapporter av asylmottak rundt om i landet. Mugg, budsjettjuks og ukvalifiserte tilsette er nokre av problema flyktningar støyter på når dei flyttar inn på norske asylmottak

I Førde vart det avdekka manglar med kviteringar, bilag og fakturaer.

UDI stilte også spørsmål ved ei anna hending.

«Ein bebuar hadde fått graut, mangopure og jordbærpure som akutt medisinsk behandling. UDI stiller spørsmål om pureen i ein e-post til mottaksleiar, Andrew Toleiv Hawkes: «Har de legeerklæring på det? Var det klarert med UDI?

- Når det gjeld pålegg som er gitt til mottaket er desse følgt opp og lukka inne nangitte tidsfristar, opplyser Hawkes som svar. På spørsmål om «behandlinga», meiner han at spørsmålet burde rettast mot UDI og ikkje dei.

Les heile saka til Dagbladet.no her.

Les også