Foto: Code Architectur.

Publisert 29.02.2016 07:47, oppdatert 29.02.2016 07:47 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Utsiktspunkt vekker oppsikt hos utalandsk media

Biter seg merke i at «Norge» bygger utsiktpunkt for dei utan snev av høgdeskrekk. 

Utsikten: «Har du høgdeskrekk, vil du kanskje gå glipp av denne neglebitande utsikts-plattforma i Norge», skriver den britiske avisa Daily Mail, om den trekanta betongflata langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet.

Landemerket er venta å opne i løpet av mai – og med draghjelp frå utalandsk media kan det sjå ut til at den nye turistvegattraksjonen Usikten kan bli svært populær.

«Lokalisert nærme vestkysten, siktar dei mot å vise storslått natur utan å vere forstyrrande», heiter det vidare i det store oppslaget som viser mange bilde og video av turistattraksjonen.

Gaularfjellet er ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg. Utsikten ligg 700 meter over havet og inneheld amfi, toalett og parkering.

Les også