VM-gull til Mona Brede Aase

Publisert 27.02.2017 11:03, oppdatert 27.02.2017 11:03 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

VM-gull til Mona Brede Aase

Det vart både gull og sølv til Førde Kettlebellklubb under VM i USA i natt.

Førde: Det melder NRK Sogn og Fjordane måndag morgon.

Mona Brede Aase tok heim gullet i øvinga long cycling med to 24-kilos kuler i klassen +73. Her greidde ho imponerande 48 støyt i løpet av den ti minuttar lange seansen.

For trenar til Førde-jenta, Beate Støfring, enda det med sølv etter 58 repetisjonar i klassen under, 73 kilo.

- Eg er ikkje heilt nøgd med innsatsen i helga, og hadde sikta meg inn mot minst 65 repetisjonar, seier Støfring, medan ho skryt av eleven sin, som tok gull.

- Mona er utruleg nøgd og har ein stolt trenar etter resultata.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var det utøvarar frå nesten 30 land som deltok under meisterskapet. 

Bilete: Mona Brede Aase (t.v) tok gull under VM i kettlebell i California, seint søndag kveld.

Les også