«Våre kvailtetar er kunnskap»

Publisert 02.05.2017 19:25, oppdatert 02.05.2017 19:41 - Redaksjonen, Førdeby - tips@stottmedia.no

«Våre kvailtetar er kunnskap»

I ei tid der det meste av produkt og tenester er berre nokre tastetrykk unna, kan det vere enkelt å gløyme den ekstra servicen ein mottek av fagfolk i din lokale nærbutikk.

Førde: (samarbeidspartner): Tilboda lyser opp på dataskjermen, fingrane beveger seg over tastaturet og klikkar ivrig på musa ved sidan av. Snart er pakken på veg i postkassa. 

Den er på veg, men er du sikker på at kjøpet var riktig?

Råd og tips til gode kjøp er det mange av i dine butikkar i nærområdet - noko som er lett å gløyme i ei tid der alt skal gjerast via ei datamaskin. 

Fordeby har besøkt Elvetorget i Førde, for å presentere nokon av desse:

Amadou Jallow har arbeidd som dagleg leiar ved Sunnfjord Apotek dei siste fire åra. Som 20-åring valde han å flytte på seg, ei reise som skulle ta han frå Gambia til Sverige, og til slutt Norge. På vegen utdanna han seg som farmasøyt, og har sidan skrive tre bøker innan fagfeltet. I 2007 vart han kåra til årets farmasøyt i nabolandet vårt i aust.

I 2017 er det Førde, Elvetorget og apoteket i første etasje som nyt godt av hans kunnskap. For Jallow er det god service og ekspertise som sit i høgsetet. Noko han har via livet sitt til.

IMG_1784

Amadou Jallow meiner det viktigaste med sitt møte med kundar, er å gje dei maksimal nytte av medisinen, og å kunne hjelpe. Foto: Førdeby.

- Før eg starta min mastergrad innan farmasi i Uppsala i Sverige, ante eg ikkje kva det innebar ein gong. Planen var eigentleg å utdanne meg til agronom, men det ville seg slik at det var på farmasi eg kom inn, då eg søkte stuidum.

- Resten er historie

- Etter dette reiste eg innom nærmaste apotek og forhøyrde meg om kva det innebar. Resten er som dei seier historie, seier han og smiler bredt.

Samtalen med det lokale apoteket i Sverige, gav han arbeid og ein inngang i farmasiens verd medan han studerte. For fire år sidan bestemte han seg for å søke seg til Norge, vest i Norge, og hamna etterkvart opp i Førde.

- Eg stortrivst her. Naturen og omgivnadane er veldig bra. Samtidig opplever eg førdianarane som veldig «easy going», det er lite stress med dei. Veldig trivelege, skryt 61-åringen.

- Korleis er det å arbeide som farmasøyt her?

- Eg arbeider i eit miljø som er i verdsklasse. Norske legar er nokon av dei beste i verda, og det passar meg bra.

- Kva går arbeidet ditt ut på?

- For det første går det ut på at kundane skal ha maksimal nytte av medisinen dei hentar på apoteket. For det andre er det veldig viktig å vere sikker innan sitt fagfelt. Som farmasøyt er ein nøydd til å halde seg oppdatert på alle legemiddel og bruksmetodar av det. Ein veit aldri kva neste kunde treng av medisin eller lurer på om bruken av det. Så eg brukar mykje tid på å oppdatere meg. Samtidig er det viktig å kunne formidle denne kunnskapen vidare til kunden på ein enkel og grei måte, slik at dei kan reise heim og stole på at dei har riktig medisin og er sikker på korleis dei skal bruke den, seier Amadou.

- Ein skal heller ikkje gløyme å lære opp dei andre tilsette på arbeidsplassen. Slik skaper ein eit publikumsvenleg apotek.

Bunadsdamene

Beveger ein seg lenger innover i kjøpesenteret finn ein tre andre ekspertar. På eit heilt anna fagfelt vel og merke.

IMG_1819

Randi Stokka, Sonja Sharma og Liv Solveig Langeland har laga bunadar hos Viken-butikken i Førde sidan 2012. Foto: Førdeby.

I lokalet til Viken sin butikk på Elvetorget sit det tre kvinner. Desse damene er ikkje det første du ser når du kjem inn i butikken. Dei sit litt gøymd, medan dei syr herre- og damebunadar for harde livet.

17. mai og konfirmasjonar nærmar seg og det er mange som ventar sin første bunad, eller reperasjonar på den gamle, til desse hendingane.

- Det er ein stor prosess å lage ein bunad. Det er måling og tilpassing over fleire seansar, så bestillingane må som regel kome inn litt i underkant av eit år før levering, seier Liv Solveig Langeland, Randi Stokka og Sonja Shorma.

Her har dei vore sidan 2012, då dei tre begynte arbeidet med bunadar for Viken-butikken.

- Eg og Randi har arbeidd med bunadar i over 20 år, seier Langeland.

- Det er kanskje ikkje alle som veit at de er her på huset?

- Nei, men det er slik vi likar det, seier dei tre og ler.

- Vi lyt arbeide konsentrert og då blir det vanskeleg å sitje i eit ope butikklokale. Det viktigaste er uansett å sjå gleda til dei som mottek bunaden sin. For mange er det eit stort augneblikk.

- Kor mykje kostar det å få ein bunad laga frå botn av, slik de gjer?

- Prisen varierer på dei ulike bunadane, og vi er gjerne litt høgare prisa enn andre alternativ. Men når enkelte kundar er på gråten når dei ser resultatet, så er det kanskje verdt det, avsluttar dei tre kvinnene, til Førdeby.

Personleg assistanse

På både Sunnfjord Apotek, Viken og hos Gullsmed & Urmakar H. Brændmo og J. Pettersen har dei noko ein ikkje finn like lett på nett, nemleg personar med kunnskap kring sitt fag. Som dei står klar til å hjelpe deg med personleg.

Og lista over butikkar med ekspertar stoppar ikkje der. Ta turen innom Elvetorget, så ser du det sjølv.

IMG_1854
IMG_1851

Gullsmed og urmakar Henning Brændmo og Jannicke Pettersen vart nærast fødd inn i yrket deira. Saman har dei drive butikk på Elvetorget sidan 2003. – Vi trivst veldig med å ha butikk og verkstad i same lokale, og å møte kundane våre, seier Pettersen. Som fagfolk meiner dei begge at varene dei sel er noko ein burde ta over skranken i sin lokale butikk. – Skal ein ha seg ei merkeklokke for eksempel, så er det eit produkt ein burde «kjenne» på før ein kjøper. Samtidig kan vi faget vårt, så kanskje har vi nokre tips, seier Brændmo. Foto: Førdeby.

 

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7