Foto: Illustrasjon.

Publisert 03.03.2016 12:31, oppdatert 03.03.2016 12:31 - NTB - tips@stottmedia.no

- Vekk med kontantar

Skattedirektør Hans Christian Holte meiner verksemder i Noreg bør påleggjast å ta imot elektroniske pengar. Han opnar også for at verksemder bør kunne nekte å ta imot kontantar.

Oslo: Skattedirektøren seier til NRK at det ikkje er fornuftig med ordninga i dag, der verksemder er pålagt å ta imot kontantar, men ikkje elektroniske pengar.

– Eg synest ut frå det oppdraget vi har, og ut frå omsynet til å overvinne svart økonomi, at det vil vere fornuftig å vurdere å heller stille krav til elektronisk betalingsformidling, seier Holte.

Han meiner verksemder også bør få lov til å la vere å ta imot kontantar.

– Kontanthandel mogleggjer svart økonomi på ein annan måte enn det å bruke bankkort, påpeikar han.
Finansminister Siv Jensen (Frp) er ikkje like open for å la bedrifter reservere seg mot kontantar.

– Den delen av befolkninga som i størst grad brukar kontantar er dei eldre. Å skulde dei for skattesvik og svart økonomi, vil ikkje eg gjere, seier Jensen til NRK. 

(©NPK)

Les også