- Veldig overraskande

Publisert 04.02.2017 12:34, oppdatert 04.02.2017 12:34 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Veldig overraskande

Hilde Lunde på Cubus i Førde vart kåra til årets medarbeidar 2016 på Elvetorget.

Førde: - No har eg arbeidd her sidan 1999, så då var det kanskje på tide å vinne ei slik kåring, seier Lunde, med eit glimt i auge, og skundar seg å legge til:

- Nei då, men det er veldig kjekt å bli kåra til årets medarbeidar her på senteret. Det er så mange flinke personar i dei forskjellige butikkane. Så det var overraskande, seier ho, og smiler.

Blant dei 43 butikkane som held til på senteret vart fem butikkmedarbeidarar plukka ut som nominerte til kåringa.

Lunde meiner at ho veit kva vinnarformelen er.

- Ein må ha stå på vilje og like å ta i eit tak, avslørar ho.

Les også