Foto: Illustrasjon.

Publisert 26.02.2018 10:47, oppdatert 26.02.2018 10:47 - SSB.no - tips@stottmedia.no

Vi nærmar oss 5,3 millionar

Folketalet voks med 37 300 i 2017 og nådde 5 295 600 personar. Veksten var den svakaste sidan 2005.

SSB: Talet på utanlandske statsborgarar voks med berre 8 500 i 2017, mot 21 000 året før viser statistikken over folkemengde per 1. januar. Den svake folkeveksten heng mellom anna saman med meir moderat vekst i talet på utanlandske statsborgarar, som har svinga i takt med den totale veksten i folketalet.

Sjekk hvor mange som bor i din kommune

Flest polakkar

Blant dei 567 800 utanlandske statsborgarane som var busette her i landet ved årsskiftet, var det framleis polakkane som var den største gruppa med 103 800. Deretter fylgjer svenskar, litauarar og syrarar med respektive 44 000, 43 700 og 26 000 busette.

Størst folkevekst i Akershus

Størst vekst i høve til folketalet i 2017 hadde Akershus, Vest-Agder og Oslo.

Folketalet voks i alle fylka i 2017 utanom i Sogn og Fjordane der folketalet var omtrent uendra frå 1. januar 2017 til 1. januar 2018.

Ved årsskiftet var 61,3 prosent av dei busette her i landet i aldersgruppa 20-66 år, medan 10,6 prosent var i aldersgruppa 67-79 år. Dei aller eldste, som var 80 år og over, utgjorde 4,2 prosent av folkemengda.

Personar under 20 år stod for 23,8 prosent av folketalet. Ser vi nærare på denne aldersgruppa, utgjorde barn under 6 år 6,8 prosent av folketalet. Dei som var 6-15 år, stod for 12,0 prosent, medan 16–19-åringane utgjorde 4,9 prosent.

Les også