Vipps tatt ned etter at brukarar vart trekte dobbelt

Publisert 04.08.2017 12:26, oppdatert 04.08.2017 12:26 - NTB - tips@stottmedia.no

Vipps tatt ned etter at brukarar vart trekte dobbelt

Eit ukjent tal brukarar av betalingsappen Vipps vart fredag belasta fleire gonger for same transaksjon. Tenesta vart tatt ned mens feilen vart prøvd retta.

– Vi har fått meldingar om at nokre kundar er blitt utsette for ein feil som gjorde at transaksjonar har dobla seg, seier kommunikasjonsrådgjevar Marit E. Giske i DNB til E24.

Fredag formiddag jobba DNB intenst med å rette den spesielle feilen. I 9-tida hadde ein enno ikkje funnet ut korleis feilen oppstod eller kor mange Vipps-brukarar som var ramma. Like etter valde DNB å ta ned heile tenesta.

– Vipps er mellombels tatt ned. Nokre Vipps-kundar opplevde i dag tidleg at transaksjonar dobla seg. Vi innførte raskt tiltak slik at fleire ikkje vart utsette for det same. No er Vipps tatt ned mellombels mens vi jobbar med å løyse problemet. Vi beklagar dette, opplyser Vipps på si Facebook-side.

Giske seier at feilrettinga som vart sett i verk, førte til at ingen fleire Vipps-overføringar vart ramma av dobbeltfeilen.

– Vi jobbar med feilretting og har allereie utført tiltak som gjer at dette ikkje skal skje igjen. Samtidig har vi betalt tilbake beløp, seier ho.

(©NPK)

Les også