mellom 30 og 40 små og store bilar ut frå Hornnesvika, inn på Rv5, og pilar anten aust eller vest – og ut til kvar ein krik og krok i Sogn og Fjordane.

– Vi dekker heile Sogn og Fjordane med ulike distribusjonsruter. I indre strok er dei fleste rutene daglege. På største ruta vår, Florø, går det dagleg tre-fire bilar, slår Kjell Arild fast. 

– Nokre stader går det ein bil dagleg, og så har vi til dømes ei rute aust-vest, der det går ein trailer til Oslo i veka om lag. Lenger ut på våren aukar det til to, seier Arild.

Satsar på øyane

Ei stadig sterkare satsing på Bremangerlandet, og ferske ruter til Solund, Atløy, Værlandet og Bulandet er siste ledd i eit transportnett som femnar stadig breiare.

– Visjonen har alltid vore å utvikle oss sjølv, og tilbodet vi leverer til kundane våre. Vi har alltid tenkt: Der det er veg, er det også i utgangspunktet mogleg å drive distribusjon. Det er berre opp til oss å utnytte moglegheitene, seier Kjell Arild.

– Viss du har noko som skal transporterast, er det berre å ringe Hoff & Knutson. Vi løyser det på eit vis, supplerer Arild.

– For eit par år sidan starta vi opp rute til Bremanger. Vi byrja med ein til to turar i veka, men behovet var større. I fjor gjekk vi over til dagleg køyring. No går det dagleg to bilar til Bremanger, ein til Svelgen og ein vidare ut på Bremangerlandet, seier Arild.

Det fekk dei til å gjere den same satsinga i høve øyriket på kysten.

– Vårt mål har alltid våre å dekke heile fylket best mogleg. Og mange bedrifter i Solund, Atløy, Værlandet og Bulandet sleit med manglande transport. Vi meiner dei bør ha same tilbodet for transport av varer og produkt som om dei låg i Florø, Førde eller Sogndal. Det tykkjer vi er viktig, seier Kjell Arild.

– Gode distribusjonsruter er ein viktig del av infrastrukturen for næringslivet, og gjev verksemdene høve til å drive si daglege drift. Vi trur dette vil utvikle seg like positivt som i Bremanger, men vi må byrje med bilar to-tre dagar i veka til Solund, Atløy og Værlandet/Bulandet, seier Arild. 

25 år – men like blide

Hoff & Knutson Transport feira nyleg 25 år. Det har vore mange opp- og nokre nedturar. Det som starta med to mann og eit par bilar, er blitt til førti varebilar, lastebilar og trailerar, og omtrent like mange tilsette.

– Vi såg spennande moglegheiter innan distribusjon, men tenkte ikkje då at det skulle bli eit så stort selskap, seier Kjell Arild.

– Vi starta dette for å skape arbeid til oss sjølv, det var ikkje meir enn det då, smiler Arild.

– Kjernen i selskapet er transport av stykkgods og partigods, samt flyttegods. Då vi starta firmaet køyrde vi stykk- og partigods i vekene, og sprang ræva av oss i helgene med flyttelass for å spe på inntektene.

– Kva det som gjer at de har ”halde ut” med kvarandre dag inn og dag ut i over 25 år?

– Det er mest fordi ein av oss alltid får viljen sin, ler Arild.

– Det handlar om at ein må ha respekt for kvarandre, slår Kjell Arild fast.

– Ein må vere audmjuk, og både ta og gje. Vi fyk begge opp i blant, og så er vi tilbake i business fem minutt etterpå, smiler Arild.

Synkronisert

Å jobbe saman i over 50.000 timar har gjort dei underleg synkrone.

– Vi har gjort det meste saman, inkludert å drikke kvarandre ut. Og så har vi fått ungar på same tid, ler Arild.

– Alle våre fire ungar er fødd i februar, og døtrene våre same veke i 1996. Så vi har faktisk tilbakt tid saman på fødestova også seier Kjell Arild.

– Om du reknar bakover ser du at vi blir synkront våryre rundt 17. mai, ler Arild.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here