treningssenteret i Førde er januar ei hektisk tid for Kent Roger Engdal.

– Når året er nytt, er treningsgleda stor. Folk blir meir aktive og et sunnare. Medlemstalet aukar markant, og eksisterande medlemer er veldig på hogget. Det er stort trykk og liv og røre her no. Det er kjempekjekt. Alle på huset, frå PT’ar til ernæringsfysiolog og testlab, står på for å aktivisere og hjelpe. Vi gir nye medlemer to PT-timar, fordi vi veit at folk som får gode treningsprogram, forblir aktive lenger og trenar riktig. Då får dei og resultat, som gir treningsglede og motivasjon.

Men det er rart med det. Når det lir mot vår, er det nett som om dørstokkmila veks.

– Statistikkane våre viser at aktiviteten dabbar litt av når ein kjem ut i midten av mars. Veret blir betre og mange trekk ut for å gå, sykle og springe, så tek dei styrketreninga her. Det er flott. Det som ikkje er like bra er at nokre også fell frå og blir inaktive. Det likar vi mindre, smiler Kent Roger.

– Vi jobbar hardt for å skape kontinuitet i treninga til medlemmene. Jamn trening over tid er det som gjev mest vinst i form av god helse og form. Det tek tid å komme i gang etter pausar, og kroppen må tilpasse seg trening igjen. Når ein ikkje går på trening ei tid, aukar også sjansen for at ein sluttar heilt.

Ei motvekt mot fallande treningslyst

Nærmare 60 gruppetimar i veka er Spenst sitt hemmelege våpen mot dalande treningslyst.

– Alle skal finne ei treningsform som fenger! Vi har alt frå spinning til crossfit, styrketimar, yoga, timar med fokus på tøying, gruppetrening for seniorar og timar for born. I januar lanserte vi også nye konsept, seier Kent Roger ,og trekk fram fire nykommarar.

– Bungee er enkel, funksjonell og morosam trening med strikk. Ei komplett økt, som utfordrar heile kroppen og trenar uthald, hurtigheit, spenst og styrke. Effektiv og skadeførebyggjande trening, som er godt egna for idrettar med hurtige rørsler og høg intensitet.

– Powerkick brukar teknikkar frå kampsportar. Ein jobbar med kombinasjonar av slag og spark. Ein hard, intens time som gjev eit kick – og brenn mykje kaloriar. Instruktør Espen Espenes har lang erfaring frå kampsport, seier han.

Yoga for kids er eit kurs over ti timar. Instruktør Eli-Gro Bergby Carlsen har vidareutdanna seg innan yoga for born. Fokus her er å fremje balanse, styrke og kreativitet gjennom leiken Yoga. Borna lærer å finne ro i kropp og sjel med pusten – og at dei er bra nok som dei er. 

– Zumba toning er Zumba med lette handvekter, for ekstra toning av armar og skuldre. Ein time for alle, spesielt om du er glad i musikk, dans og rytme. Her brenn du kaloriar på ein kjekk måte, lovar han, og trekk fram ei treningsform som er i spennande utvikling.

– Dei som har lyst på ei ekstra utfordring prøver crossfit. Mange er veldig glad i crossfit fordi det skjer noko nytt kvar gong. Ingen time er lik, og ein får trena ”alt” i ei økt: Styrke, uthald, kondisjon og smidigheit. Dette slår an blant unge som eldre. Vi hadde nett ein dame på 76 år som prøvde crossfit, og syns det var heilt topp, avsluttar han.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here