To ord set seg etter 300 foredrag, skriv Jostein Bildøy på bloggen sin.

Blogg: Eg har passert 300 foredrag sidan 2003. Dei er haldne som foredrag, seminar, foredrag med gruppearbeid og diskusjon, samtaleforedrag, sansebaserte kurs – blant anna.

Dette innlegget vart først publisert på bloggen til Jostein Bildøy.

Dei har hatt ulikt innhald for aldersgruppene 5-19 år og vaksne. Foreldre, lærarar, offentleg tilsette.

Alle har hatt same fokus: «Sjå meg»

Vi har alle behov for å bli sett. Vi har alle behov for å bli trudd. Vi har alle behov for å bli løfta fram. Vi har alle behov for å ha lov til å gå eller gjere feil. Vi har alle behov for nokon vi kan dele vår største smerte med når denne kjem inn i livet vårt.

Vi har alle behov for å bli sett på at vi uttrykker oss individuelt. Med følelsar, gjennom teikningar, gjennom å hjelpe andre, gjennom song, gjennom ulike måtar å uttrykke seg med ord på. Gjennom å få kome seg vidare på sin eigen måte.

Ein introvert kan fungere ekstrovert når ein får gjere det på sin måte. Eit barn opplever tillit når foreldre involverer dei i beslutningar og viser respekt for barnet. Ein humoristisk person kan få vist sine seriøse sider som ein har drøymd om lenge. Ei rett samtale kan føre ein person frå å fokusere på mørket til å få livslyst og strekke seg mot lyset.

Born treng foreldre som respekter seg. Barn treng samtalen om det ein er ueinig med foreldre om. Ikkje der det viktigaste er å bli einig, men for å oppleve det trygge med å vere ueinig. Sjå ting frå ulikt perspektiv. Lære av kvarandre: «Tenk, mor og far lyttar til meg! Då blir det lettare for meg å lytte til dei!»

«Sjå meg» – er så mangt.

Men det er det viktigaste som sit att etter mine mange møte med unge og eldre menneske så langt. Resultatet blir gjensidig respekt for kvarandre sine grenser og utvikling.

Eller?

Foto: Per Henning/NTNU/illustrasjon.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here