I starten av mars vert det bryllaupskveld hos Førde Glasmagasin.

Førde: – Her blir det smådrops for både han og henne. Planen er å kunne skape ein inspirerande bryllaupskveld, der vi kan hjelpe dei som skal gifte seg med nokre tips, seier dagleg leiar ved Førde Glasmagasin, Anita Kirkebø Marskar.

– Og sjølvsagt vise fram vårt fulle sortiment innan servise-seriar, interiør, glas og bestikk.

Datoen er sett til 9. mars klokka 18 – 20.00.

IMG_0142

Deltakarar på bryllaupskvelden kan vinne denne vasen med blomar i. Foto: Børje Fonn Skaar.

Innan den tid er det venta at Førde glasmagasin, som i desse dagar er på flyttefot, skal vere på plass i butikklokale til Torgbua på Elvetorget i Førde.

Marskar kan blant anna lokke med goodiebag og utlodding av blomsterbukett og vase til dei som møter opp.

– Samtidig som at det skal vere representantar frå våre leverandørar i butikken, kjem Floke Frisør innom og gir råd og tips innan sminke og frisyre til brudeparet.

Her kan du besøke Facebook-sida til arrangementet. 

IMG_0144
IMG_0233-2

Her ser du litt av utvalet. 9. mars blir det også vist fram andre nyheiter i hyllene på butikken. Foto: Børje Fonn Skaar.

– Samarbeidspartner

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here