Matbloggar Stine Marie Aasen deler sine juleoppskrifter med deg.

Blogg: På bloggen har ho blant anna delt oppskrifter til Sarah Bernhard, bountykonfekt, gullkonfekt og skumtoppar med sjokoladetrekk – som er favoritten.

Besøk bloggen til Stine Marie Aasen her.

Slik lager du den:

– Med eller uten kokos, alt etter smak og behag. Det her er i alle fall min store julefavoritt.

Du treng: 

–          4 eggekviter. 
–          3 ss. sukrin (4 ss. om du ikkje bruker stevia). 
–          1/2 krm. stevia *33 (1 ts. steviosa).
–          5 plater gelatin. 
–          2 ss. kokande vatn.
       
–          150 g. mørk sjokolade.
–          1 ss. cocosa*
–          1 toppa ts. sukrinmelis (kan sløyfast)
–          Evt. kokosmasse til pynt.

For smaken sin del nyttar eg cocosa, men denne gjer sjokoladen noko tynnare. Ønskjer du tjukkare sjokoladetrekk på bollane kan du dobbel-dyppe med kjøling imellom, eller sløyfe cocosa. Du vil då trenge meir sjokolade. Nødvendig mengd sjokolade varierer litt etter størrelse på skum-bollane, eg lagde mine veldig små som krevde meir sjokolade. – Stivpisk eggekvitene og sukrin/stevia, medan gelatinen ligg i bløyt i kaldt vatn.

img_0909-2009360-8-1481807896836

Kok opp vatn i ein kjele. Klem vatnet av gelatinplatene og legg i ei skål. Ha over 2 ss. kokande vatn. Har du problem med å løyse gelatinen kan du smelte den i vannbad.
Hell så gelatinen over i eggekvitene i ein tynn stråle medan du visper. 
Dander massen utover i ønska toppar, ved hjelp av sprøytepose eller to skeier. Sett kaldt til dei stivner og er skikkelig avkjølte. 

img_0897-2009360-8-1481817620256

 Smelt sjokolade og cocosa i vannbad. Avkjøl så sjokoladen ikkje er varm, då vil skum-toppane smelte. Dypp så toppane i sjokoladen, dryss over kokosmasse om ønskjeleg og sett kaldt i 15 min. 

img_0908-2009360-8-1481817644824

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here